Kulturbudsjettet 2009:
Historisk kultursatsing i Sør-Trøndelag
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 124/08 | Dato: 07.10.2008
- Regjeringa foreslår ei historisk sterk kultursatsing i Sør-Trøndelag. I tillegg til løyvinga til Rockheim legg regjeringa opp til eit monaleg lyft for musea gjennom midlar til konsolidering. Dessutan blir scenekunst og musikk også styrkt, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
- Regjeringa foreslår ei historisk sterk kultursatsing i Sør-Trøndelag. I tillegg til løyvinga til Rockheim legg regjeringa opp til eit monaleg lyft for musea gjennom midlar til konsolidering. Dessutan blir scenekunst og musikk også styrkt, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
Regjeringa foreslår ei løyving på 55 millionar kroner i investeringstilskot til Nasjonalt senter for pop og rock, Rockheim, og eit driftstilskot på 22,5 millionar kroner.
I tillegg er det forslag om å løyve 4,5 millionar kroner til ei konsolidert museumseining frå 1. januar 2009. Den nye eininga vil bestå av Museet Kystens Arv, Kystmuseet i Sør-Trøndelag, Orkla Industrimuseum, Ringve, Trøndelag Folkemuseum og Trondheim Kunstmuseum.
Regjeringa foreslår også ei sterk satsing på scenekunst i Trøndelag gjennom ei løyving på 1,5 millionar kroner til Teater Avant Garden. Teatret vil med dette forslaget få eit samla statstilskot vel 2,5 millionar kroner, som er ei dobling i høve til 2008. Tilskotet til Trøndelag Teater aukar med 3,5 millionar kroner til 53,9 millionar kroner.
Også på musikkområdet er det forslag om store tillegg. Trondheim Symfoniorkester får ein auke i tilskotet på 5,3 millionar kroner til vel 53,7 millionar kroner. Musikkteatret i Trondheim får 0,5 millionar i auke til 4,2 millionar kroner. Trondheim Jazzorkester vil få 0,36 millionar i auke til i alt 1,4 millionar kroner. Trondheim Kammermusikkfestival får ein auke på 0,2 millionar kroner til 1,4 millionar, og Trondheimssolistene – Juniorsolistene får ein auke på 0,5 millionar kroner, totalt vel 2,4 millionar kroner.
Fordelinga av auken til kulturtiltak i Sør-Trøndelag ser slik ut:
Tilskot 2008 |
Samla auke |
Forslag 2009 | |
Nasjonalt opplevelsessenter for pop og rock |
35 000 |
20 000 |
55 000 |
Birka |
802 |
198 |
1 000 |
Midtnorsk Jazzsenter |
1 660 |
173 |
1 833 |
Trondheim elektroniske kunstsenter (TEKS) |
866 |
500 |
1 366 |
Trondheim Int. Chamber Music Academy & Competition |
486 |
214 |
700 |
Trondheim Symfoniorkester |
48 447 |
5 301 |
53 748 |
Olavsfestdagene |
6 309 |
1 500 |
7 809 |
Trondheim Jazzorkester |
1 043 |
357 |
1 400 |
Trondheim Kammermusikkfestival |
1 200 |
200 |
1 400 |
Trondheimsolistene, juniorsolistene |
1 931 |
500 |
2 431 |
Trøndelag Teater |
50 415 |
3 500 |
53 915 |
Musikkteatret i Trondheim |
3 713 |
500 |
4 213 |
Cirka Teater |
585 |
100 |
685 |
Teater Avant Garden |
1 064 |
1 500 |
2 564 |
Museumskonsolidering |
27 559 |
5 712 |
33 271 |
Trondheim Kunstmuseum |
5 193 |
2 020 |
7 213 |
Midtnorsk Vitensenter - skolesekkmidler |
|
702 |
702 |
Rockheim driftsmidler |
5 000 |
17 500 |
22 500 |
|
|
|
|
|
|
|
|