Kulturbudsjettet 2009:
Meir til musikk, teater og museum i Telemark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 117/08 | Dato: 07.10.2008
Regjeringa foreslår i kulturbudsjettet for 2009 eit økonomisk lyft for Telemarksmusea.
Regjeringa foreslår i kulturbudsjettet for 2009 eit økonomisk lyft for Telemarksmusea.
Driftstilskotet til Norsk Industriarbeidermuseum aukar med 1 million kroner til om lag 9,5 millionar kroner i 2009. Telemark Museum får auka det statlege tilskotet med 1 million kroner til vel 10 millionar kroner. Også Vest-Telemark Museum får 1 million kroner meir, og får eit samla tilskot på vel 3,7 millionar kroner.
- Dei tre telemarksmusea forvaltar ein viktig del av kulturarven vår. Vi meiner det er eit klart behov for å styrkje arbeidet som desse musea utfører, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
Departementet foreslår 8 millionar kroner til eit byggjeprosjekt ved Norsk Industriarbeidermuseum. Dette er siste del av eit totalt tilskot på 21 millionar kroner til prosjektet.
I tillegg blir tilskotet til Teater Ibsen auka med 1,5 millionar kroner til 19,3 millionar kroner. Grenland Friteater/Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival aukar med 0,5 millionar kroner til 4,5 millionar kroner. Notodden Blues Festival får ein auke på 0,5 millionar kroner til vel 2 millionar kroner.
Etter forslaget frå regjeringa vil det totale tilskotet til kultur i Telemark over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett i 2009 vere på vel 50,5 millionar kroner. Dette er ein auke på 12,4 prosent eller vel 5,5 millionar kroner i høve til 2008. Løyvinga til byggjeprosjektet ved Norsk Industriarbeidermuseum kjem i tillegg.