Historisk arkiv

Midttømme ny biskop i Møre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Ingeborg Synøve Midttømme (46) blei i statsråd i dag utnemnd til biskop i Møre bispedøme.

Ingeborg Synøve Midttømme (46) blei i statsråd i dag utnemnd til biskop i Møre bispedøme.

Nyutnemnd biskop i Møre Ingeborg Synøve Midttømme og kultur- og kyrkjeminister Trond Giske. Foto: Kultur- og kyrkjedepartementet
Nyutnemnd biskop i Møre Ingeborg Synøve Midttømme og kultur- og kyrkjeminister Trond Giske. Foto: Kultur- og kyrkjedepartementet

CV for Midttømme

Pressefoto frå pressekonferansen

Ingeborg Midttømme har sidan 2003 vore leiar i Den norske kirkes presteforening. For tida har ho permisjon frå stilling som kapellan i Hauketo-Prinsdal sokn i Oslo. Ho blei ordinert til presteteneste i 1987 og har tidlegare vore sokneprest i Sørfold prestegjeld i Sør-Hålogaland og kapellan i Høybråten i Oslo.

–  Møre bispedømme får ein biskop som er godt kjend med arbeidssituasjonen for prestane i kyrkja, og som har vist vilje og evne til å leie. Utnemninga gjer og at kvinneandelen i leiarskapet i Den norske kyrkja er styrka, og det blir eit større spenn i alder blant biskopane, seier statsråd Trond Giske.

Med utnemninga av Ingeborg Midttømme er det no fire kvinnelege biskopar i Noreg. Midttømme er og blant dei yngste som har vore utnemnd til biskop i Den norske kyrkja.

Midttømme kom på andreplass i den kyrkjelege avstemninga om kven som burde utnemnast til biskop i Møre. 

Ingeborg Midttømme tek over som biskop etter Odd Bondevik som fekk avskil i nåde frå 1. mars 2008.