Historisk arkiv

Nordhaug fekk størst oppslutning blant biskopane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Fleirtalet av biskopane i Den norske kyrkja meiner at rektor Halvor Nordhaug er best skikka til å bli ny biskop i Møre bispedøme.

Fleirtalet av biskopane i Den norske kyrkja meiner at rektor Halvor Nordhaug er best skikka til å bli ny biskop i Møre bispedøme.

Ni av biskopane har Nordhaug som sitt førsteval. Ein av biskopane har leiaren av Presteforeininga i Den norske kyrkja, Ingeborg Midttømme på førsteplass, og ein har sokneprest Berit Øksnes som nr. 1.

Rangering frå biskopane

Nr. 1

Nr. 2

Nr. 3

Rektor Halvor Nordhaug

9

2

-

Leder Ingeborg Synøve Midttømme

1

4

4

Sokneprest Berit Øksnes

1

-

1

Domprost Øystein Bjørdal

-

4

3

Prost Bjarne Olaf Weider

-

1

2

Domprost Herborg Finnset Heiene

-

-

1

 

Kyrkjerådet har med eit fleirtal på åtte røyster tilrådd at Nordhaug blir utnemnd til ny biskop i Møre, mens eit mindretal på sju har gått inn for Midttømme. Også ved den rådgjevande røystinga på ny biskop fekk Halvor Nordhaug flest røyster frå gruppene med røysterett (kyrkjelydane, prestane og andre vigsla i Møre bispedøme, prostane og dei teologiske professorane). 

Det er Kongen i kyrkjeleg statsråd som skal utnemne den nye biskopen i Møre etter Odd Bondevik. Bondevik har fått avskil i nåde frå 1. mars 2008, og utnemninga av ny biskop vil finne stad i løpet av våren.