Nasjonal pilegrimssatsing med utgangspunkt i Nidarosdomen:
Per Kvistad Uddu blir prosjektleiar for pilegrimstradisjonar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 02/08 | Dato: 11.01.2008
Kultur- og kyrkjedepartementet har engasjert Per Kvistad Uddu som prosjektleiar for å arbeide med fornying og utvikling av pilegrimstradisjonane.
Kultur- og kyrkjedepartementet har engasjert Per Kvistad Uddu som prosjektleiar for å arbeide med fornying og utvikling av pilegrimstradisjonane.
Tidlegare direktør for Olavfestdagene, Per Kvistad Uddu, skal leie arbeidet. Han har fått i oppdrag å forme ein strategi og handlingsplan slik at pilegrimsmotivet kan bli eit nasjonalt satsingsområde. Uddu vil òg får ansvaret for å førebu ein pilegrimskonferanse i Trondheim våren 2008.
- Målet er at pilegrimsmotivet kan bli eit nasjonalt satsingsområde med brei interesse og deltaking, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
Pilegrimsarbeidet i Noreg spring ut frå Olavs-arven. Arbeidet i dag er forankra i aktivitetar, prosjekt og tiltak i Trøndelagsfylka. Prosjektet skal byggje vidare på desse erfaringane og skal verke stimulerande og fornyande for pilegrimsprosjekta i regionen.
Prosjektet skal utviklast i nært samarbeid med alle instansar som alt er involverte i pilegrimsarbeidet. Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune er med i prosjektet. Det vil bli etablert ei styringsgruppe med representantar frå Sør-Trøndelag fylkeskommune og Trondheim kommune. Kultur- og kyrkjedepartementet vil anmode Nidaros biskop om å utpeike eit medlem.