Historisk arkiv

Kulturbudsjettet for 2009:

Satsing på opera og musikk i Hordaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

I statsbudsjettet for 2009 foreslår regjeringa å auke tilskotet til Den Nye Opera med 5,5 millionar til vel 12,3 millionar kroner. I dette tilskotet er det lagt inn 2,2 millionar kroner til vidareføring av Ad Opera-prosjektet, som til no har fått støtte frå Norsk kulturråd.

I statsbudsjettet for 2009 foreslår regjeringa å auke tilskotet til Den Nye Opera med 5,5 millionar til vel 12,3 millionar kroner. I dette tilskotet er det lagt inn 2,2 millionar kroner til vidareføring av Ad Opera-prosjektet, som til no har fått støtte frå Norsk kulturråd.  

- Vi har med glede merka oss den høge kvaliteten i produksjonane til Den Nye Opera. Departementet legg til grunn at den regionale fordelinga av tilskot til Den Nye Opera blir avklart, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Musikksatsinga gjeld også Bergen Filharmoniske orkester, som vil få auka tilskotet med 5,3 millionar kroner til om lag 91,5 millionar kroner. Festspillene i Bergen aukar med 1,5 millionar til 17 millionar kroner. BRAK – Bergen Rock Aktører får styrka tilskotet med 0,3 millionar kroner til 1 million kroner, og Ole Bull Akademiet aukar med 0,25 millionar til 3,1 millionar kroner.

Den Nationale Scene får ein auke i tilskotet på 5 millionar til om lag 90,6 millionar kroner. Hordaland Teater aukar tilskotet med 1 million kroner til om lag 8,8 millionar kroner og Bergen Internasjonale Teater (BIT) får ein auke på om lag 2,1 millionar kroner til vel 3,3 millionar. Tilskotet inkluderer støtte til Oktoberdans og Meteor. Denne budsjettauken gir BIT økonomisk grunnlag til å drive forsøk og utvikling i eigen regi.

Museumssenteret i Hordaland får ein auke på om lag 1,4 millionar til om lag 8,2 millionar kroner. I tillegg vil Bergen Kunsthall få styrkt driftstilskotet i 2009 med over 1,1 millionar kroner, slik at samla tilskot vil bli på 4,2 millionar kroner.

Regjeringa foreslår også å løyve 0,5 millionar kroner til Bergen Vitensenter for å frigjere spelemidlar i samband med at Den kulturelle skulesekken skal utvidast til den vidaregåande skulen.

Forslaget til fordeling av midlar til kulturformål i Hordaland over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett for 2009 er slik:                                                                      

 

Tilskot
2008 

Samla
auke    

Forslag
2009

Brak - Bergen Rock Aktører

700

300

1 000

Ole Bull Akademiet

2 849

251

3 100

Bergen kunsthall

3 063

1 135

4 198

Bergen Filharmoniske Orkester

86 171

5 302

91 473

Festspillene i Bergen

15 530

1 500

17 030

Den Nationale Scene

85 623

5 000

90 623

Carte Blanche

17 753

1 500

19 253

Hordaland Teater

7 787

1 000

8 787

Den Nye Opera (inkl. Ad Opera)

6 820

5 500

12 320

Bergen Internasjonale Teater (BIT) - Teatergarasjen

1 272

2 078

3 350

Museumssent.i Hordaland

6 777

1 398

8 175

Bergen Vitensenter - skolesekkmidler

 

468

468