Kulturbudsjettet 2008:
Satsing på rock og teater i Nord-Trøndelag
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 125/08 | Dato: 07.10.2008
I statsbudsjettet for 2009 foreslår regjeringa ei auke i tilskotet på 2,5 millionar kroner til Rock City Namsos.
I statsbudsjettet for 2009 foreslår regjeringa ei auke i tilskotet på 2,5 millionar kroner til Rock City Namsos.
Midlane skal gå til vidare arbeid med å utvikle eit ressurssenter for profesjonell rytmisk musikk.
Nord-Trøndelag Teater er styrkt med 1,5 millionar for å utvikle samarbeid med og ein klårare ansvarsdeling overfor Trøndelag Teater. Løyvinga er ledd i oppfølginga av St. meld. nr. 23 (2007-2008) Bak kulissene.
Stiklestadmusea får 1,5 millionar kroner i auke til 18,5 millionar kroner. Steinvikholmen musikkteater aukar med 500 000 kroner til om lag 2,5 millionar kroner.
Etter forslaget frå regjeringa vil det totale tilskotet til kultur i Nord-Trøndelag over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett i 2009 vere på om lag 41,5 millionar kroner. Dette er ein auke på 18,3 prosent eller vel 6,4 millionar kroner.