Historisk arkiv

Semje om ny avtale for lydbøker for syns- og lesehemma m.fl.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

- Vi har fått ein ny og betre lydbokavtale som opnar for at funksjonshemma kan få spesielt tilrettelagde bøker på ein enklare og meir effektiv måte enn tidlegare, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

- Vi har fått ein ny og betre lydbokavtale som opnar for at funksjonshemma kan få spesielt tilrettelagde bøker på ein enklare og meir effektiv måte enn tidlegare. Vederlaget skal frå no betalast per tittel og ikkje per eksemplar slik den førre avtalen la til grunn. Den nye lydbokavtalen gjer det mogleg å produsera mange fleire eksemplar enn før. Dette vil fjerne dei lange ventelistene for dei mest populære lydbøkene, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske. Dessutan er det ei viktig nyvinning at lydbøkene kan distribuerast via Internett eller andre nettverk.

Partane i avtalen er staten på den eine sida og Den norske Forfatterforening, Norsk Oversetterforening, Norske Dramatikeres Forbund, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Norsk kritikerlag, Den norske Forleggerforening, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening på den andre sida.

Partane er samde om å dele bøker inn i sjangrane sakprosa, skjønlitteratur, barne- og ungdomslitteratur, studielitteratur og skulebøker med ulike satsar for kvar sjanger.

Huseby Kompetansesenter (under Kunnskapsdepartementet) lagar skulebøkene, medan Norsk Lyd- og Blindeskriftsbibliotek (under Kultur- og kyrkjedepartementet) lagar bøker i dei andre sjangrane.

 

Avtalen gjeld frå 1. januar 2008. Les heile avtalen her (PDF-format).