Sokneprest Kåre Mjølhus utnemnd til prost i Dalane prosti
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 85/08 | Dato: 27.06.2008
Sokneprest Kåre Mjølhus (54) vart i statsråd fredag utnemnd til prost i Dalane prosti i Stavanger bispedømme.
Sokneprest Kåre Mjølhus (54) vart i statsråd fredag utnemnd til prost i Dalane prosti i Stavanger bispedømme.
Mjølhus er no sokneprest i Lister prosti i Lyngdal. Han var sjømannsprest/kapellan i Houston frå 1983 til 1986, Nordsjøprest frå 1986 til 1991, stabsprest i Bosnia og Herzegovina i 2000 og kapellan i Eigersund/Helleland og Eigersund/Eigerøy frå 1991 til 2006.