Kulturbudsjettet for 2009:
Sterk museums- og teatersatsing i Oppland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 114/08 | Dato: 07.10.2008
I statsbudsjettet for 2009 foreslår regjeringa ein sterk auke i løyvingane til musea i Oppland.
I statsbudsjettet for 2009 foreslår regjeringa ein sterk auke i løyvingane til musea i Oppland.
Regjeringa foreslår å løyve 1 million kroner til den nye regionale museumskonsolideringa Gudbrandsdalsmusea AS.
- Tilskotet til museumskonsolideringa vil gi eit ekstra lyft for musea i Oppland. Tilskotet betyr at det faglege miljøet ved musea blir styrkt. Dette vil også komme publikum til gode, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
Museet i Nord-Gudbrandsdalen har gjennomført ei regional konsolidering der museet saman med ni lokale museum går inn i den nye eininga Gudbrandsdalsmusea AS. Den nye museumseininga består av Lesja Bygdemuseum, Lom Bygdemuseum, Jutulheimen Bygdemuseum, Norsk Fjellmuseum, Senter for bygdekultur, Dale-Gudbrands gard, Gudbrandsdal Krigsminnsesamling og Ringebu Prestegard.
Mjøsmuseet og Vitensenteret Innlandet er i drøftingar om konsolidering. Regjeringa forslår å setje av 1 million kroner til ei ny eining der desse to inngår. Det blir også foreslått ein auke på 0,3 millionar kroner til Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene.
Tilskotet til Innlandet Teater er auka med 2 millionar kroner til utvikling av scenekunsten i Hedmark og Oppland. Det er ein føresetnad for utbetaling av tilskotet at etableringa av Teater Innlandet blir gjennomført med tilslutning frå dei to fylkeskommunane.
Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Lillehammer Kunstmuseum med 0,3 millionar og Mjøsmuseet/Vitensenteret Innlandet med 0,47 millionar kroner for å frigjere spelemidlar i samband med at Den kulturelle skulesekken skal utvidast til den vidaregåande skulen. Regjeringa foreslår eit ekstraordinært tilskot på 8 millionar kroner til istandsetjing av hovudbygningen på Aulestad til Bjørnson-markeringa i 2010.
Valdres Sommersymfoni får ein auke på 0,3 millionar kroner til 0,8 millionar kroner. Støtta til Skibladner aukar med 0,1 millionar kroner til 0,6 millionar kroner. Lillehammer Kunstmuseum får ein auke på 0,56 millionar kroner til nær 6,8 millionar kroner, mens Mjøsmuseet får auka tilskotet med 0,66 millionar kroner til vel 5,1 millionar kroner.
Tilskotet til FILM3 blir vidareført med 2,5 millionar kroner, og tilskotet til Østnorsk filmsenter skal vidareførast med 1 million kroner. Regjeringa har lagt inn 10 millionar kroner i friske midlar som dei regionale filmsentra kan søkje på.