Kulturbudsjettet 2009:
Sterk museumssatsing i Sogn og Fjordane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 122/08 | Dato: 07.10.2008
Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår ei løyving på 5 millionar kroner til konsolidering av fem museum i Sogn og Fjordane.
Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår ei løyving på 5 millionar kroner til konsolidering av fem museum i Sogn og Fjordane.
De Heibergske samlinger – Sogn Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Sunnfjord Museum har alle gjort vedtak om konsolidering, mens situasjonen for Nordfjord Folkemuseum ikkje er avklart enno.
- Tilskotet til museumskonsolideringa vil gi eit ekstra lyft for musea i Sogn og Fjordane. Tilskotet betyr at det faglege miljøet ved musea blir styrkt. Dette vil også komme publikum til gode, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
I tillegg foreslår regjeringa å løyve om lag 1,7 millionar kroner til Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen, som til saman vil få 2,6 millionar kroner. Løyvinga til Sogn og Fjordane teater aukar med 1 million til om lag 14,3 millionar kroner. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival aukar med 0,77 millionar til 4 millionar kroner, og Opera Nordfjord aukar med 0,5 millionar kroner til 2,4 millionar kroner.
Etter forslaget frå regjeringa vil det totale tilskotet til kultur i Sogn og Fjordane over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett i 2009 vere på om lag 43,6 millionar kroner. Dette er ein auke på 28,6 prosent eller nær 9,7 millionar kroner.