Kulturbudsjettet 2009:
Sterk satsing på museum og teater i Hedmark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 113/08 | Dato: 07.10.2008
I statsbudsjettet for 2009 foreslår regjeringa ein sterk auke i løyvingane til musea i Hedmark.
I statsbudsjettet for 2009 foreslår regjeringa ein sterk auke i løyvingane til musea i Hedmark.
Regjeringa foreslår å setje av 4,5 millionar kroner til ei ny eining der Glomdalsmuseet, Norsk Skogmuseum, Domkirkeodden, Kvinnemuseet – Museene i Glåmdal og Nordøsterdalsmuseet inngår. Organisasjonen Musea i Hedmark og Hedmark fylkeskommune har teke initiativ til å utgreie eit fylkesmuseum.
- Eg håper Hedmark vil lykkast med fylkesmuseet. Ein konsolidert eining med styrkt budsjett vil gi eit ekstra lyft og vil fremje det faglege miljøet ved musea i Hedmark. Dette vil også komme publikum til gode, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
I tillegg får Norsk Skogfinsk Museum auka tilskotet med 0,5 millionar kroner, til vel 2 millionar kroner. Tilskotet til Nordøsterdalsmuseet aukar med 0,6 millionar kroner, til vel 3,3 millionar kroner.
Tilskotet til Hedmark Teater er auka med 2 millionar kroner til utvikling av scenekunsten i Hedmark og Oppland. Det er ein føresetnad for utbetaling av tilskotet at etableringa av Teater Innlandet blir gjennomført med tilslutning frå dei to fylkeskommunane.
Ringsakeroperaen får ein auke på 0,5 millionar kroner, til vel 2,4 millionar kroner. Ungdomssymfonikarane får ein auke på 0,2 millionar kroner, og Festspela i Elverum får ein auke på 0,3 millionar kroner, til 2 millionar kroner totalt i 2009.