Kulturbudsjettet 2009:
Sterk satsing på museum, opera og teater i Østfold
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 110/08 | Dato: 07.10.2008
Regjeringa foreslår å setje av 3,5 millionar kroner til å oppretta ei ny, samla museumseining i Østfold der Halden historiske Samlinger, Fredrikstad Museum og Østfoldmuseet inngår.
Regjeringa foreslår å setje av 3,5 millionar kroner til å oppretta ei ny, samla museumseining i Østfold der Halden historiske Samlinger, Fredrikstad Museum og Østfoldmuseet inngår.
Etter planen skal Halden historiske Samlingar og Fredrikstad Museum etablere ei felles stifting innan 1. februar 2009. Stiftinga skal sidan forhandle med Østfoldmuseet om konsolidering. Målet er ein intensjonsavtale som omfattar alle Østfold-musea i første halvår 2009.
Østfold Teater får 1 million kroner til utvikling av scenekunsten. Regjeringa foreslår å gi 1 million kroner til Opera Østfold. Dette er eit nytt tiltak og eit ledd i opptrappinga av region- og distriktsoperaverksemda. Løyvinga til Det Norske Blåseensemble anno 1734 skal aukast med 1,2 millionar kroner til om lag 18,2 millionar kroner.