Historisk arkiv

Kulturbudsjettet 2008:

Sterk satsing på scenekunst i Oslo – 2 millionar til Dramatikkens Hus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa foreslår 2 millionar kroner til etablering av Dramatikkens Hus ved Det Åpne Teater.

Regjeringa foreslår 2 millionar kroner til etablering av Dramatikkens Hus ved Det Åpne Teater.

Nationaltheatret får ein auke på 8,9 millionar til 144,3 millionar kroner, tilskotet til Det Norske Teatret aukar med vel 6,3 millionar til 128,1 millionar, og Black Box Teater får auka tilskotet med 1,5 millionar kroner, til vel 2,7 millionar kroner.

Dans er eit viktig satsingsområde på kulturbudsjettet i Oslo. Regjeringa foreslår ein auke i løyvinga på 2 millionar kroner for å etablere Riksscene for folkemusikk og folkedans og 1,5 millionar kroner til Rom for Dans, som no vil få fast plass på statsbudsjettet og elles 2 millionar kroner meir til Dansens Hus. For Contemporary Dance Festival (CODA) aukar tilskotet til 1 million kroner.

I budsjettet for 2009 vidarefører regjeringa opptrappingsplanen for Den norske Opera og foreslår at tilskotet blir auka med 40,2 millionar kroner til i alt 386,3 millionar kroner.  

På orkestersida er det foreslått ein auke på vel 8,6 millionar kroner til Oslo-Filharmonien, 1 million kroner til Nasjonal Jazzscene og 0,5 millionar til Det Norske Kammerorkester.

Det er også forslag om ei ny løyving på 0,75 millionar kroner til kulturformidling ved Voksenåsen. Stiftelsen Horisont/Mela får auka støtte med 1 million kroner til 4 millionar kroner. 

I Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett for 2009 er det foreslått budsjettauke til  desse kulturformåla i Oslo som er publikumsretta:                                                                  

Tiltak

Tilskot 2008

Samla auke

Forslag 2009

 

 

 

 

Center for Afrikansk kulturformidling

  2 000

    100

    2 100

Cosmopolite Scene

  1 500

    100

    1 600

Du Store Verden

  2 500

    200

    2 700

Dramatikkens Hus – Det Åpne Teater

 

 2 000

    2 000

Nordic Black Theatre

  5 000

    300

    5 300

Norsk Dramatikkfestival

     481

    119

       600

NOTAM

  2 684

 1 000

    3 684

Voksenåsen - kulturvirksomhet

 

    750

       750

Nobels fredssenter

21 353

 3 000

  24 353

Styrking av tiltak på arkitekturfeltet

25 353

 3 616

  28 969

Stiftelsen Fotogalleriet

     895

    189

    1 084

Oslo-Filharmonien

99 265

 8 656

107 921

Stiftelsen Horisont/Mela

  3 000

 1 000

    4 000

Ultima

  3 789

    500

    4 289

Øyafestivalen i Oslo

  1 565

    135

    1 700

Det Norske Kammerorkester

   5 439

    500

    5 939

Nasjonal Jazzscene

   6 425

 1 000

    7 425

Oslo Kammermusikkfestival

   1 200

    200

    1 400

Riksscenen folkemusikk og –dans – produksjonar og drift

   2 557

 2 000

    4 557

Den Norske Opera og Ballett

346 138

40 230

386 368

Det Norske Teatret

121 721

  6 356

128 077

Nationaltheatret

135 379

  8 957

144 336

Dansens Hus

  28 151

  2 000

  30 151

Oslo Danse Ensemble

    1 207

       53

    1 260

Bårdar Danseteater – avgangsklassens turné

       332

       15

       347

Contemporary dance festival Oslo Norway (CODA)

       222

      778

    1 000

Rom for Dans

 

   1 500

    1 500

Black Box Teater AS

    1 227

   1 500

    2 727

Den Unge Scenen

    1 500

      350

    1 850

Norsk Barnebokinstitutt - forfatterutdanningen

    5 246

   1 000

    6 246

Jødisk Museum i Oslo

    1 841

      500

    2 341

Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

    5 067

      500

    5 567

Christian Radich - vedlikehald

 

 

       500

Det er foreslått auke i tilskota til ei rekkje kulturformål som har ein meir landsdekkjande funksjon, og som ikkje er nemnde her.