Historisk arkiv

Trond Bakkevig skal leie demokratiutval for Den norske kyrkja

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet har i samarbeid med Kyrkjerådet oppnemnt ei arbeidsgruppe som skal foreslå tiltak for å styrkje demokratiet i Den norske kyrkja. Prost i Vestre Aker (Oslo) Trond Bakkevig er oppnemnd som leiar av arbeidsgruppa.

Kultur- og kyrkjedepartementet har i samarbeid med Kyrkjerådet oppnemnt ei arbeidsgruppe som skal foreslå tiltak for å styrkje demokratiet i Den norske kyrkja.

Prost i Vestre Aker (Oslo) Trond Bakkevig er oppnemnd som leiar av arbeidsgruppa. Dei andre medlemene er:

  • Knut Andresen, domprost i Nidaros og nestleiar i styret i Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon (KA) 
  • Berge Furre, professor ved Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo
  • Elin Horn Galtung, leiar av bydelsutvalet i Vestre Aker, Oslo
  • Harald Hegstad, professor ved Det teologiske Menighetsfakultet 
  • Sissel Vartdal, kyrkjeverje i Fjell og nestleiar i Kyrkjerådet
  • Inger Johanne Wremer, seniorrådgjevar, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH)

Gruppa skal mellom anna utgreie tiltak som kan styrkje oppslutninga om kyrkjelege val og den demokratiske legitimiteten til ulike kyrkjelege organ.

Arbeidsgruppa skal foreslå endringar i valordningane i Den norske kyrkja og foreslå andre tiltak som kan gjennomførast i samband med dei kyrkjelege vala i 2009 og 2010. Utgreiinga skal leggje til grunn den gjeldande oppgåvefordelinga mellom dei kyrkjelege organa på lokalt, regionalt og sentralt nivå. 

Arbeidsgruppa skal leggje fram utgreiinga si innan 1. mai 2008.

Mandat for arbeidsgruppa (i pdf-format)

Leder for demokratiutvalet Trond Bakkevig, kultur- og kyrkjeminister Trond Giske og direktør for Kyrkjerådet Jens Petter Johnsen. Foto: KKD

 

 

Leder for demokratiutvalet Trond Bakkevig, kultur- og kyrkjeminister Trond Giske og direktør for Kyrkjerådet Jens Petter Johnsen. Foto: KKD