Kulturbudsjettet 2009 for Buskerud:
Union Scene og Brageteatret blir styrka
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 115/08 | Dato: 07.10.2008
Regjeringa foreslår at Union Scene får ei løyving på statsbudsjettet på 1 million kroner frå 2009.
Regjeringa foreslår at Union Scene får ei løyving på statsbudsjettet på 1 million kroner frå 2009.
- Kultur- og kyrkjedepartementet legg i budsjettet for 2009 opp til ei formidabel satsing på teater i Buskerud. Union Scene får 1 million kroner til utvikling av aktivitetar med spesiell vekt på mangfaldsdimensjonen. Brageteatret skal styrkjast med 1 million kroner for å utvikle scenekunsten i fylket, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
I tillegg foreslår regjeringa ein auke i løyvinga til Blaafarveværket med 1 million kroner, til om lag 6,7 millionar kroner, 0,5 millionar kroner i auke til Vestfossen Kunstlaboratorium, som totalt vil få 1,25 millionar kroner, og 0,5 millionar kroner til Hallingdal Museum, som til saman får vel 2,9 millionar kroner i tilskot.
Etter forslaget frå regjeringa vil det totale tilskotet til kultur i Buskerud over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett i 2009 vere på om lag 44,1 millionar kroner. Dette er ein auke på 13,2 prosent eller vel 5,1 millionar kroner i høve til 2008.