350 000 til styrking av by:Larms seminarprogram
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 228/09 | Dato: 05.12.2009
Midlane går spesielt til å vidareutvikle kompetanse i bransjen for å skape nye inntekter.
Midlane går spesielt til å vidareutvikle kompetanse i bransjen for å skape nye inntekter.
- by:Larm samlar både norsk og internasjonal musikkbransje. Gjennom seminaraktiviteten er dei med på å heve kompetansen til og kjennskapen mellom ulike grupper som produserer, brukar, framfører og kringkastar musikk. Dei kan bidra til at område som mellom anna offentleg sektor og reiseliv kan få betre kunnskap om korleis dei kan samarbeide med musikkbransjen. Dessutan kan bransjen sjølv finne andre måtar å tene pengar på. Dette er bakgrunnen for at Kulturdepartementet løyver pengar til seminara til by:Larm, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.
Auka kunnskap gjennom slike arrangement kan bidra til at musikkultur og –bransje kan gje større verdiskaping i andre sektorar, samtidig som musikkbransjen kan finne nye oppdrag og inntektskjelder. Musikkbransjen kan på denne måten finne ny bruk for den kreative kompetansen.
Dette arbeidet kan også andre aktørar nyte godt av. Offentleg sektor, reiseliv, høgare utdanning og liknande kan gjennom betre kunnskap utvikle seg som samarbeidspartnarar til musikkbransjen.