Historisk arkiv

58 millionar meir til bibliotek, språk og litteratur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Innkjøpsordninga for ny, norsk sakprosa aukar med 2,5 millionar kroner. I tillegg blir tilskota til ei rekkje formål auka i tråd med tiltaka i stortingsmeldingane om bibliotek, digitalisering og språk. Mellom anna aukar løyvinga til Nasjonalbiblioteket med 22,5 millionar kroner.

Innkjøpsordninga for ny, norsk sakprosa aukar med 2,5 millionar kroner. I tillegg blir tilskota til ei rekkje formål auka i tråd med tiltaka i stortingsmeldingane om bibliotek, digitalisering og språk. Mellom anna aukar løyvinga til Nasjonalbiblioteket med 22,5 millionar kroner.

Stortingsmeldingane om bibliotek og digitalisering følgjast kraftig opp i 2010. Dette omfattar tiltak som fell inn under både bibliotek-, litteratur-, og museumsfeltet. Midla skal mellom mykje anna gå til Leseåret 2010, styrking av innkjøpsordningane under Norsk Kulturrådet, digitalisering ved Nasjonalbiblioteket og utvikling av eit nasjonalt biblioteksøk.

  • Styrking av innkjøpsordningane: 7,2 mill. kr
  • Leseåret 2010: 6 mill. kr
  • Bibliotekutvikling/ modellbibliotek: 3 mill. kr
  • Bibliotekteneste i fengsla: 2,5 mill. kr
  • Nasjonal aktør for litteratur i Den kulturelle skulesekken: 2 mill. kr
  • Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek: 1,2 mill. kr
  • Leser søker bok: 500 000 kr

 

  • Tiltak ved Nasjonalbiblioteket (langtidslagring, Bokhylla.no, digitalisering, biblioteksøk): 11 mill. kr
  • Digitalsering av privatarkiv: 2 mill. kr
  • E-bøker (nytt distribusjonssystem, Norsk Kulturråd): 1 mill. kr

 Innkjøps- og produksjonsstøtta under Norsk Kulturråd aukar med i alt 10 millionar til om lag 150 millionar kroner. Støtta til produksjon av ny, norsk litteratur utgjer aleine over 7,7 millionar kroner.

Auken blir fordelt på mellom anna desse ordningane:

  • Støtte til periodiske publikasjonar: 1 mill. kr
  • Produksjonsstøtte nynorsk litteratur: 500 000 kr
  • Produksjonsstøtte teikneserier: 500 000 kr
  • Støtte til litteraturfestivalar: 250 000 kr

Elles kjem mellom anna følgjande påplussingar til litteraturformål:

  • Bjørnstjerne Bjørnson-akademiet: 400 000 kr
  • Bjørnsonfestivalen: 250 000 kr
  • Landsforb. for kombinert syns- og hørselshemma/døvblinde: 100 000 kr

Språkrådet skal i tråd med stortingsmeldinga om språk ha eit meir heilskapleg språkpolitisk ansvars- og arbeidsområde. For 2010 aukar løyvinga til Språkrådet med 2,2 millionar kroner.

8 av dei 22,5 millionane i auka løyving til Nasjonalbiblioteket skal nyttast til arbeidet med å organisere ein norsk språkbank, det største enkelttiltaket i språkmeldinga.

Det er i 2010 elles sett av 2,5 millionar kroner til å følgja opp andre prioriterte tiltak i språkmeldinga.

Elles kjem mellom anna følgjande påplussingar til språkformål:

  • Det Norske Akademis store ordbok: 1,2 mill. kr
  • Norges Mållag: 500 000 kr
  • Det Norske Samlaget: 419 000 kr