91 millionar meir til musikk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 173/09 | Dato: 13.10.2009
Regjeringa aukar løyvingane til musikk med 91 millionar kroner for 2010 og held slik fram den store satsinga på musikk. Den samla løyvinga til musikkfeltet i budsjettframlegget for 2010 er på over ein milliard kroner.
Regjeringa aukar løyvingane til musikk med 91 millionar kroner for 2010 og held slik fram den store satsinga på musikk. Den samla løyvinga til musikkfeltet i budsjettframlegget for 2010 er på over ein milliard kroner.
Tilskotet til nasjonale og regionale orkester er auka med over 49 millionar kroner, mellom anna for å dekke auka pensjonskostnader. I tillegg får Harmonien i Bergen, Stavanger Symfoniorkester og Trondheim Symfoniorkester auka tilskot i 2010 som ein følgje av den nye avtalen som skal gje større fleksibilitet og dermed eit betre tilbod til publikum.
- Nordnorsk Opera og Symfoniorkester: 36,3 mill. kr
(10,2 millioner kroner meir enn løyvinga i 2009) - Harmonien: 11,9 mill. kr meir
(5,2 millionar kroner som ein følgje av avtalen) - Stavanger Symfoniorkester: 6,6 mill. kr meir
(3,4 millionar kroner som ein følgje av avtalen) - Trondheim Symfoniorkester: 7,3 mill. kr meir
(3,6 millionar kroner som ein følgje av avtalen) - Tilskotet til Oslo-Filharmonien: 10 mill. kr meir
Musikkordningar under Norsk kulturfond aukar med 11,3 millionar kroner og går til mellom anna desse tiltaka:
- Tilskotsordninga for arrangørar: 2 mill. kr
- Musikarordninga: 2 mill. kr
- Musikkensembleordninga: 4 mill. kr
- Innkjøpsordninga for musikk: 2,5 mill. kr
Tilskotet til andre tiltak på musikkområdet er auka med 30,6 millionar kroner og gjeld mellom anna dette:
- Riksscenen for folkemusikk, joik og folkedans: 13,4 mill. kr
- Kompetansesentra for rytmisk musikk: 2 mill. kr
- Music Export Norway: 2,9 mill. kr
- Festivalar med knutepunktoppdrag: 3,6 mill. kr