9,4 millionar meir til region- og distriktsopera
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 178/09 | Dato: 13.10.2009
Regjeringa aukar tilskotet til operatiltak landet rundt med 9,4 millionar kroner. Den totale løyvinga til feltet for 2010 blir 53,1 millionar kroner.
Regjeringa aukar tilskotet til operatiltak landet rundt med 9,4 millionar kroner. Den totale løyvinga til feltet for 2010 blir 53,1 millionar kroner.
Auken inkluderer operasatsinga under Nordnorsk Opera og Symfoniorkester der Musikkteater i Bodø og Opera Nord inngår, og operasatsinga under Trondheim Symfoniorkester (Musikkteateret i Trondheim). OscarsborgOperaen kjem inn som ny distriktsopera på statsbudsjettet for 2010 med eit tilskot på 1 million kroner.
Som for tidlegare år har auken som føresetnad at statstilskotet blir følgt opp med auka midlar frå kommunar og fylkeskommunar. Staten skal stå for 70 prosent av det ordinære offentlege tilskotet, medan regionen står for 30 prosent.
Med kulturløftet er operatiltak landet rundt styrka med 34,2 millionar kroner sidan 2005.
Auken i 2010 blir slik:
- Den Nye Opera 2,2 mill. kr
- Opera under Nordnorsk Opera og Symfoniorkester 1,9 mill. kr
- Operaen i Kristiansund 1 mill. kr
- Opera Østfold 1 mill. kr
- Oscarsborgoperaen (NY) 1 mill. kr
- Opera Sør 500 000 kr
- Opera Nordfjord 500 000 kr
- Ringsakeroperaen 500 000 kr
- Steinvikholm Musikkteater 500 000 kr
- Opera under Trondheim Symfoniorkester 335 000 kr