Anne Hilde Øigarden utnemnd til prost i Valdres prosti
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 110/09 | Dato: 19.06.2009
Sokneprest Anne Hilde Øigarden (47) vart i statsråd i dag utnemnd til prost i Valdres prosti i Hamar bispedøme.
Sokneprest Anne Hilde Øigarden (47) vart i statsråd i dag utnemnd til prost i Valdres prosti i Hamar bispedøme.
Øigarden tok teologisk embetseksamen i 1987. Ho var sokneprest i Os frå 1989 til 1995 og kapellan II i Elverum frå 1995 til 2003. Ho har permisjon frå stillinga som sokneprest i Gjerdrum og Heni og er i dag rådgjevar i Borg bispedøme.