Auka tilskot til Bjørnsonmarkeringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 196/09 | Dato: 13.10.2009
I statsbudsjettet for 2010 aukar regjeringa tilskotet til Bjørnsonfestivalen med 250 000 kroner. I tillegg kjem eit tilskot på 400 000 kroner til Bjørnstjerne Bjørnson-akademiet. Tilskotet skal gå til aktivitetar i samband med 100-årsmarkeringa for Bjørnstjerne Bjørnsons død.

Nynorsk kultursentrum får auka tilskotet med 800 000 kroner. Midlane skal gå til forvaltning av Vinjefondet, som har til formål å styrkje nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk.
For å styrkje verksemda aukar regjeringa tilskotet til Operaen i Kristiansund med 1 million kroner til 12,5 millionar kroner i 2010. Teatret Vårt – Regionteatret i Møre og Romsdal får auka tilskotet med 1,9 millionar kroner til om lag 18,3 millionar kroner i 2010. Auken skal dekkje pensjonskostnader og barneteater i Ålesund.
Den totale løyvinga over KKDs budsjett til Møre og Romsdal i 2010 er på om lag 77,6 millionar kroner.