Bernt Olav Jensen utnemnd til prost i Otredal prosti
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 109/09 | Dato: 19.06.2009
Sokneprest Bernt Olav Jensen (57) vart i statsråd i dag utnemnd til prost i Otredal prosti i Agder og Telemark bispedøme.
Sokneprest Bernt Olav Jensen (57) vart i statsråd i dag utnemnd til prost i Otredal prosti i Agder og Telemark bispedøme.
Bernt Olav Jensen tok teologisk embetseksamen i 1989 og gjorde teneste som sokneprest i Ibestad frå 1990 til 1996. Han har vore sokneprest i Otredal sidan 1996 og har i 2009 fungert som prost i Otredal.