Brei kultursatsing i Hordaland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 195/09 | Dato: 13.10.2009
Regjeringa aukar tilskotet til Bergen Kunsthall – Festspillutstillingen i Bergen med 1 million kroner for å styrkje den faglege aktiviteten. Med dette vil tilskotet i 2010 verte på 5,2 millionar kroner.
Regjeringa aukar tilskotet til Bergen Kunsthall – Festspillutstillingen i Bergen med 1 million kroner for å styrkje den faglege aktiviteten. Med dette vil tilskotet i 2010 verte på 5,2 millionar kroner.
Bymuseet i Bergen får ein auke på 1,5 millionar kroner til 12,8 millionar kroner i 2010. Det er også foreslått ein auke på nesten 3 millionar kroner til Kunstmusea i Bergen, som mellom anna skal gå til Ole Bull-jubileet 2010.
Tilskotet til Bergen Filharmoniske Orkester aukar med 11,9 millionar kroner. Dette skal dekkje mellom anna auka lønskostnader i samband med at det er inngått nye avtalar i orkesteret med sikte på meir fleksibilitet og å få eit betre publikumstilbod. For 2010 vert samla tilskot dermed 103,3 millionar kroner.
Bergen Internasjonale Teater får ein auke på 1 million kroner, som mellom anna skal styrkje festivalverksemda. Tilskotet for 2010 vert på om lag 4,4 millionar kroner. Carte Blanche vil få auka tilskotet med 800 000 kroner, som mellom anna skal gå til å styrkje den internasjonale turnéverksemda og dekkje auka pensjonskostnader.
Tilskotet til Den Nationale Scene aukar med 6 millionar kroner. Dette skal gå til å dekkje auka pensjonskostnadar. Det samla tilskotet for 2010 vert dermed 96,6 millionar kroner.
På musikkfeltet kjem ein auke på 2,2 millionar kroner til Den Nye Opera, frå 12,3 til 14,5 millionar kroner, for å styrkje den kunstnarlege verksemda. Tilskotet til Vestnorsk Jazzsenter aukar med 500 000 kroner til om lag 2,8 millionar kroner.
I samsvar med planen som vart lagt fram i St.meld. nr. 8 (2007-2008) Kulturell skulesekk for framtida, skal spelemidlar frå Den kulturelle skolesekken fasast inn på statsbudsjettet som del av det ordinære tilskotet til dei som tidlegare mottok spelemidlar. Første halvdel vart fasa inn i 2009; andre halvdel skal fasast inn i 2010. Overføringa av spelemidlar til Bergen Vitensenter aukar til om lag 500 000 kroner i 2010.
Den totale løyvinga over KKDs budsjett til Hordaland i 2010 er på om lag 366,6 millionar kroner.
Tiltak Alle beløp i 1000-kroner |
Vedtak 2009 |
Endring |
Forslag |
Bergen Filharmoniske Orkester |
91 473 |
11 865 |
103 338 |
Bergen Internasjonale Teater (BIT) - Teatergarasjen |
3 350 |
1 000 |
4 350 |
Bergen Kunsthall - Festspillutstillingen i Bergen |
4 198 |
1 000 |
5 198 |
Bergen Vitensenter - skulesekkmidlar |
468 |
498 |
966 |
BIT 20 |
2 297 |
250 |
2 547 |
Bymuseet i Bergen |
11 321 |
1 500 |
12 821 |
Carte Blanche AS |
19 253 |
777 |
20 030 |
Den Nationale Scene A/S |
90 623 |
6 000 |
96 623 |
Den nye Opera inkl. Ad Opera |
12 320 |
2 193 |
14 513 |
Hardanger og Voss museum |
7 766 |
500 |
8 266 |
Hordaland Teater |
8 787 |
442 |
9 229 |
Kunstmusea i Bergen |
14 288 |
2 957 |
17 245 |
Museumssenteret i Hordaland |
9 175 |
500 |
9 675 |
Vestnorsk Jazzsenter |
2 271 |
500 |
2 771 |