Historisk arkiv

Fordeling av midlar til prøveordninga med kulturkort for ungdom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet har fastsett fordelinga av midlar mellom dei 10 fylkeskommunane som deltek i prøveordninga med kulturkort for ungdom.

Kultur- og kyrkjedepartementet har fastsett fordelinga av midlar mellom dei 10 fylkeskommunane som deltek i prøveordninga med kulturkort for ungdom.

Kulturkort for ungdom skal gi ungdom billigare billettar til eit breitt spekter av kulturarrangement. Formålet er å få ungdom til å nytte kulturtilboda oftare og å rekruttere nye publikumsgrupper.

Fylkeskommunane har ansvar for å utforme, administrere og gjennomføre prøveordninga. Opplegg og tilbod varierer difor frå fylkeskommune til fylkeskommune.

Fylkesvis fordeling 2009:
Rogaland                              kr 700 000
Nordland                               kr 650 000
Buskerud                              kr 500 000
Møre og Romsdal                   kr 500 000
Østfold                                 kr 500 000
Nord-Trøndelag                      kr 250 000
Aust-Agder                            kr 250 000
Vest-Agder                            kr 250 000
Hordaland                             kr 200 000

Sør-Trøndelag fylkeskommune er også med i ordninga. Fylkeskommunen har fått overført ei løyving frå 2008 og har ikkje søkt om nye midlar for 2009. Fylkeskommunane i Nordland og Østfold har fått auka tilskotet for 2009. Dei andre fylkeskommunane har fått videreført same summen som i 2008.