Kirsten Almås utnemnd til prost i Byåsen prosti
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 23.01.2009
Prost Kirsten Almås (49) vart i statsråd fredag utnemnd til prost i Byåsen prosti i Nidaros bispedøme.
Prost Kirsten Almås (49) vart i statsråd fredag utnemnd til prost i Byåsen prosti i Nidaros bispedøme.
Kirsten Almås tok teologisk embetseksamen og praktisk-teologisk eksamen våren 1989. Frå 1989 til 1990 var ho vikarprest og frå 1991 til 1994 studentprest i Trondheim. Almås var førstekonsulent ved UNIT/NTNU frå 1994 til 1997 og prest i avdeling Helse og Omsorg i Trondheim kommune i 1997. Frå 1998 til 2003 var ho kapellan i Nidaros domkyrkje og Vår Frue menighet. Ho har vore prost i Gauldal prosti i Sør-Trøndelag sidan 2003.
Kirsten Almås var leiar av Norsk kvinnelig teologforening frå 2003 til 2006.