Bispevalet i Stavanger:
Kjetil Aano fekk flest stemmer
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 54/09 | Dato: 29.04.2009
Generalsekretær Kjetil Aano fekk flest stemmer i første runde ved avrøystinga om kven som blir ny biskop i Stavanger bispedømme etter Ernst Oddvar Baasland.
Generalsekretær Kjetil Aano fekk flest stemmer i første runde ved avrøystinga om kven som blir ny biskop i Stavanger bispedømme etter Ernst Oddvar Baasland.
122 røysta for Kjetil Aano som førstekandidat. Prost Ludvig Bjerkreim kom på andreplass med 86 førsterøyster. Sokneprest Erling Johan Pettersen fekk 79 førsterøyster og kom på tredjeplass.
Resultatet går no til Kyrkjerådet og biskopane. Desse får frist til 28. mai med å gje sine råd til kultur- og kyrkjeminister Trond Giske om kven dei meiner bør bli ny biskop i Stavanger.
I avrøystinga som no er avslutta, var fem grupper med røysterett med:
- prestar i offentleg kyrkjeleg stilling i Stavanger bispedømme
- prostane i dei andre bispedømma
- dei teologiske professorane ved dei teologiske fakulteta og rektorar ved dei praktisk-teologiske seminara
- sokneråda i Stavanger bispedømme
- vigsla kateketar, diakonar og kantorar i offentleg kyrkjeleg stilling i Stavanger bispedømme
Ernst Oddvar Baasland har fått avskil i nåde frå 15. juni 2009. Regjeringa vil venteleg utnemne etterfølgjaren hans i juni.
Vedlegg: oversikt over stemmefordelinga