Knut Håkon Bromham Nordhaug utnemnd til prost i Nord-Østerdal prosti
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 108/09 | Dato: 19.06.2009
Fungerande prost Knut Håkon Bromham Nordhaug (59) vart i statsråd i dag utnemnd til prost i Nord-Østerdal prosti i Hamar bispedøme.
Fungerande prost Knut Håkon Bromham Nordhaug (59) vart i statsråd i dag utnemnd til prost i Nord-Østerdal prosti i Hamar bispedøme.
Nordhaug tok teologisk embetseksamen i 1988. Frå 1988 til 1990 arbeidde han som misjonsprest i Kobe. Han var prest i Åmot frå 1990 til 1997, sjømannsprest i Hamburg i 1997 og 1998, sokneprest i Trysil frå 1998 til 2002, sokneprest i Herøy frå 2002 til 2007 og sokneprest i Vinger frå 2007.