Historisk arkiv

Musikkfeltet i Sør-Trøndelag vert kraftig styrka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

I kulturbudsjettet for 2010 kjem ein auke i tilskotet til Birka på 40 prosent eller 500 000 kroner. Dette vil gi ei totalt tilskot på meir enn 1,7 millionar kroner i 2010.

I kulturbudsjettet for 2010 kjem ein auke i tilskotet til Birka på 40 prosent eller 500 000 kroner. Dette vil gi ei totalt tilskot på meir enn 1,7 millionar kroner i 2010.

I budsjettforslaget er det ei klar styrking av musikkfeltet.

  • Trondheim Symfoniorkester får ein auke på 7,3 millionar kroner som mellom anna skal gå til auka lønskostnader etter at det er inngått nye avtalar i orkesteret som skal sikre meir fleksibilitet og gi publikum eit betre tilbod. I tillegg er tilskotet på 4,2 millionar kroner til Musikkteatret i Trondheim overført til symfoniorkestret. Dette vil gi et tilskot til Trondheim Symfoniorkester på 65,3 millionar kroner i 2010.
  • Tilskotet til Olavsfestdagene er auka til 8,3 mill. kroner.
  • Tilskotet til Trondheim Kammermusikkfestival er auka med 500 000 kroner til 1,65 millionar kroner.
  • Tilskotet til Trondheim Jazzorkester skal aukast med 250 000 kroner, slik at tilskotet for 2010 vert i overkant av 1,6 millionar kroner.
  • Tilskotet til Trondheimsolistene vert auka til 2,7 millionar kroner.

Regjeringa følgjer opp scenekunstmeldinga med ein auke i tilskotet til Trøndelag Teater på 4 millionar kroner, frå 53,9 til 57,9 millionar kroner. Tilskotet skal også gå til auka pensjonskostnader.

Kystmuseet i Sør-Trøndelag, Museet Kystens Arv, Orkla Industrimuseum, Ringve museum, Trondheim Kunstmuseum og Trøndelag Folkemuseum er konsoliderte i Museene i Sør-Trøndelag (MiST). Regjeringa aukar tilskota til musea i Sør-Trøndelag  med 21 millionar kroner i 2010.

I 2010 opnar det nye nasjonale opplevingssenteret for pop og rock i Trondheim. Rockheim er ein integrert del av MiST. Drift av dette teknologisk avanserte formidlingskonseptet kviler på ei monaleg styrking av driftstilskotet. Størstedelen av auken til MiST gjeld difor drift av Rockheim. Auken til Musea i Sør-Trøndelag er også knytt til at Nordenfjeldske kunstindustrimuseum blir del av den konsoliderte eininga i 2010. Tilskotet til Musea i Sør-Trøndelag i 2010 omfattar dermed også Nordenfjeldske kunstindustrimuseum.

I tillegg til driftstilskotet er det også forslag om eit investeringstilskot på 5 millionar  kroner til Rockheim i 2010. Tilskotet skal gå til det virtuelle innhaldet, utstillingar, attraksjonar og utstyr. Frå før er det løyvd 90 millionar kroner til dette. Rockheim skal opne for publikum i mars 2010.

I samsvar med planen som vart lagt fram i St.meld. nr. 8 (2007-2008) Kulturell skulesekk for framtida, skal spelemidlar frå Den kulturelle skolesekken fasast inn på   statsbudsjettet som del av det ordinære tilskotet til dei som tidlegare mottok spelemidlar. Første halvdel vart fasa inn i 2009; andre halvdel skal fasast inn i 2010. Overføring av spelemidlar til Midtnorsk Vitensenter er om lag 750 000 kroner i 2010.

Den totale løyvinga over KKDs budsjett til Sør-Trøndelag i 2010 er på om lag 255 millionar kroner.

Tiltak                 Alle beløp i 1000-kroner

Vedtak 2009

Endring

Forslag
2010

Birka

1 250

500

1 750

Midtnorsk Vitensenter - skolesekkmidler

702

746

1 448

Museene i Sør-Trøndelag (MiST)

72 919

20 992

93 911

Olavsfestdagene i Trondheim

7 809

500

8 309

Teaterhuset Avant Garden

2 569

250

2 819

Trondheim Jazzorkester

1 400

250

1 650

Trondheim Kammermuskkkfestival

1 400

250

1 650

Trondheim Symfoniorkester

53 748

11 502

65 250

Trondheimsolistene - fast tilskudd

2 431

250

2 681

Trøndelag Teater AS

53 915

4 000

57 915

Ungdommens Kulturmønstring

7 382

500

7 882

Rockheim (Investeringstilskot)

55 000

 

5 000