Historisk arkiv

Ny jury for Arne Nordheims Komponistpris oppnemnd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet har oppnemnt ny jury for Arne Nordheims Komponistpris for perioden 2009 – 2012.

Kultur- og kyrkjedepartementet har oppnemnt ny jury for Arne Nordheims Komponistpris for perioden 2009 – 2012.

Asbjørn Schaathun er oppnemnd som leiar av juryen for Arne Norheims Komponistpris etter framlegg frå Norsk Komponistforening.  Peter Tornquist og Hild Borchgrevink er oppnemnde som medlemmer av juryen etter framlegg frå Noregs musikkhøgskole og Ny Musikk.

Asbjørn Schaathun er komponist og styreleiar i Norsk Komponistforening. Tornquist er førsteamanuensis ved Noregs musikkhøgskole og Hild Borchgrevink er skribent og musikkvitar.

Arne Nordheims Komponistpris vart oppretta av Kulturdepartementet 20. juni 2001, då komponisten Arne Nordheim fylte 70 år. 

Prisen vert delt ut årleg til ein komponist busett i Noreg. Prisen er på 125 000 kroner. Kultur- og kyrkjedepartementet fastset eventuelle endringar i prisbeløpet.