Øystein Flø utnemnd til prost i Gauldal prosti
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 106/09 | Dato: 19.06.2009
Sokneprest Øystein Flø (51) vart i statsråd i dag utnemnd til prost i Gauldal prosti i Nidaros bispedøme.
Sokneprest Øystein Flø (51) vart i statsråd i dag utnemnd til prost i Gauldal prosti i Nidaros bispedøme.
Flø tok teologisk embetseksamen i 1984. Han har bakgrunn frå Den norske Santalmisjon. Frå 1986 til 1988 var han stasjonsprest ved Værnes Flystasjon og residerande kapellan i Byåsen prestegjeld frå 1988 til 2000. Han er i dag sokneprest i Byåsen sokn.