Historisk arkiv

Satsing på teater, museum og musikk i Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa følgjer opp scenekunstmeldinga med ein auke til Haugesund Teater på 1,5 millionar kroner til 8,7 millionar kroner.

Regjeringa følgjer opp scenekunstmeldinga med ein auke til Haugesund Teater på 1,5 millionar kroner til 8,7 millionar kroner.

Rogaland Teater får ein auke på 4 millionar kroner til 46,9 millionar kroner for 2010. Auken skal mellom anna gå til barneteater. Tilskotet skal også gå til auka pensjonskostnader.

Tilskotet til Haugalandmusea aukar med 500 000 kroner, slik at tilskotet for 2010 blir nesten 3,3 millionar kroner. Jærmuseet vil få ein auke på 1,5 millionar kroner.

Kammermusikkfestivalen i Stavanger får ein auke på 250 000 til om lag 1,7 millionar kroner.

Stavanger Symfoniorkester vil få ein auke i tilskotet på 6,6 millionar kroner for å dekkje mellom anna auka lønskostnader i samband med at det er inngått nye avtaler i orkesteret med sikte på meir fleksibel drift og eit betre publikumstilbod. For 2010 er det foreslått eit tilskot på 59,8 millionar kroner.

Ramma for det statlege investeringstilskotet til nytt konserthus i Stavanger er på 250 millionar kroner. Av dette kjem ei løyving på 39 millionar kroner i 2010. Konserthuset vil ha lokale for mellom anna Stavanger Symfoniorkester. Bygginga har starta opp og skal vere ferdig i løpet av 2011. Etter planen skal opningskonserten haldast i april 2012.

Den totale løyvinga over KKDs budsjett til Rogaland i 2010 er på om lag 160 millionar kroner.

Tiltak                     Alle beløp i 1000-kroner

Vedtak 2009

Endring

Forslag
2010

Haugalandmusea

2 784

500

3 284

Haugesund Teater AS

7 162

1 500

8 662

Jærmuseet

10 891

1 500

12 391

Kammermusikkfestivalen i Stavanger (ICMF)

1 400

250

1 650

Rogaland Teater AS

42 893

4 000

46 893

Stavanger Museum/2009: Rogaland kunst.museum

13 642

738

14 380

Stavanger Symfoniorkester

53 199

6 616

59 815

Konserthus i Stavanger (investeringstilskot)

20 000

 

39 000