Satsing på teater og dans i Oslo
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 200/09 | Dato: 13.10.2009
Tilskotet til Riksscenen for folkemusikk, joik og folkedans aukar med 13,4 millionar til 18 millionar kroner. Riksscenen opnar i nye lokale i Schous Kulturbryggeri i 2010.
Tilskotet til Riksscenen for folkemusikk, joik og folkedans aukar med 13,4 millionar til 18 millionar kroner. Riksscenen opnar i nye lokale i Schous Kulturbryggeri i 2010.
Scenen skal vere ein møteplass for sektoren og publikum. Dei nye lokala gir grunnlag for forsterka satsing på publikumsbygging.
Stiftelsen Horisont/Mela får ein auke på 1 million kroner slik at tilskotet for 2010 vil verte på 5 millionar kroner.
Oslo-Filharmonien vil få ein auke på 10 millionar kroner, til 117,9 millionar kroner i 2010. Forslaget skal mellom anna dekkje auka pensjonskostnader.
Tilskotet til Cikada og Oslo Sinfonietta aukar med 250 000 kroner. Dette vil gje eit tilskot på 2,3 millionar kroner i 2010. CODA – Oslo International Dance Festival får ein auke på 50 prosent i høve til 2009, frå 1 til 1,5 millionar kroner. Auken skal gå til styrking av drifta og gjennomføring av CODA-festivalen som vert arrangert annakvart år.
Tilskotet til Det Norske Kammerorkester aukar med 1 million kroner til 6,9 millionar kroner. Oslo Kammermusikkfestival får ein auke på 250 000 kroner. Dette gir eit tilskot på om lag 1,6 millionar kroner i 2010.
Den Norske Opera & Ballett får eit samla tilskot på 440,4 millionar kroner i 2010. Dette er ein auke på 54 millionar kroner jamført med 2009. Auken skal styrkje den kunstnarlege verksemda, dekkje auka pensjonskostnader og elles gå til vedlikehald og anna drift. Tilskotet til Danseinformasjon aukar med 300 000 kroner for å styrkje statistikkarbeidet.
Tilskotet til Nationaltheatret aukar med 11 millionar kroner. Påslaget skal dekkje auka pensjonskostnader og sikre godt og systematisk vedlikehald av Nationaltheaterbygningen. Det Norske Teatret får ein auke på 9 millionar kroner. Dette gir eit totalt tilskot på 137,1 millionar kroner i 2010. Oslo Danse Ensemble får ein auke på 300 000 kroner og vil få eit samla tilskot på om lag 1,6 millionar kroner. Den Unge Scenen vil få auka tilskotet med 250 000 kroner til 2,1 millionar kroner i 2010.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design vil få ein auke med over 11 millionar kroner i 2010. Dette vil mellom anna leggje til rette for eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet og Kulturetaten i Oslo kommune om å førebu feiringa av Munch-jubileet i 2013. Auken i tilskotet gjer at museet også kan opprette ei eiga prosjektleiarstilling for å vareta brukarinteressene i det store byggjeprosjektet på Vestbanen. Om lag 1,5 mill. kroner av auken i løyvinga gjeld restinnfasing av spelemidlar frå Den kulturelle skulesekken til det ordinære statsbudsjettet.
2010 blir første heile driftsåret for Dramatikkens Hus. Tilskotet blir på totalt 11,5 millionar kroner. Tilskotet som for 2009 vart gitt til Det Åpne Teater, inngår i tilskotet til Dramatikkens Hus. Du Store Verden vil få ein auke på 350 000 kroner til 3 millionar kroner i 2010.
Vidare er tilskotet til Noregs Mållag auka med 500 000 kroner til 3,5 millionar kroner. Tilskotet skal gå til arbeidet med å styrkje nynorsk skriftkultur på alle samfunnsfelt.
Norsk Form vil få ein auke i tilskotet på 3,2 millionar kroner . Av dette skal 2,5 millionar kroner brukast til oppfølging av regjeringas plandokument for den norske arkitekturpolitikken. Norsk Form vil til saman få eit tilskot på 26,2 millionar kroner. Til plandokumentet er det også sett av 1 million kroner i 2010 til vidareutvikling av DogA – Norsk Design- og Arkitektursenter.
Norske Tekstilkunstnere vil få ei budsjettauke på 200 000 kroner til styrking av organisasjonen. Tegnerforbundet vil få den same auken. Unge Kunstneres Samfund vil få ein auke i tilskotet på 500 000 kroner, frå 2,3 til 2,8 millionar kroner.
Den totale løyvinga over KKDs budsjett til Oslo i 2010 er på 1,48 milliardar kroner.
Tiltak Alle beløp i 1000-kroner |
Vedtak 2009 |
Endring |
Forslag |
Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek |
5 567 |
500 |
6 067 |
Black Box Teater AS |
2 727 |
200 |
2 927 |
Cikada og Oslo Sinfonietta |
2 088 |
250 |
2 338 |
CODA |
1 000 |
500 |
1 500 |
Danseinformasjon (Senter for dansekunst) |
3 369 |
300 |
3 669 |
Den Norske Opera & Ballett |
386 368 |
54 054 |
440 422 |
Den Unge Scenen |
1 850 |
250 |
2 100 |
Det Norske Kammerorkester |
5 939 |
1 000 |
6 939 |
Det Norske Teatret |
128 077 |
9 000 |
137 077 |
Dramatikkens Hus |
6 110 |
5 390 |
11 500 |
Du Store Verden |
2 700 |
350 |
3 050 |
Emanuel Vigelands Museum |
136 |
50 |
186 |
Nasjonal Jazzscene |
7 425 |
500 |
7 925 |
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design |
233 589 |
11 235 |
244 824 |
Nationaltheatret |
144 086 |
11 000 |
155 086 |
Nobels fredssenter |
24 353 |
1 000 |
25 353 |
Nordic Black Theatre |
5 300 |
500 |
5 800 |
Noregs Mållag |
3 017 |
500 |
3 517 |
Norsk Folkemuseum/2009: Eidsvoll 1814 |
83 346 |
3 663 |
87 009 |
Norsk Form |
22 975 |
3 235 |
26 210 |
Norsk Nettverk for Teknologi Akustikk og Musikk (NoTAM) |
3 684 |
500 |
4 184 |
Norsk Teknisk Museum |
23 874 |
2 000 |
25 874 |
Norske Tekstilkunstnere |
1 033 |
200 |
1 233 |
Oslo Danse Ensemble (ODE) |
1 260 |
300 |
1 560 |
Oslo Kammermusikkfestival |
1 400 |
250 |
1 650 |
Oslo museum |
7 797 |
500 |
8 297 |
Oslo-Filharmonien |
107 921 |
10 000 |
117 921 |
Riksscene for folkemusikk, joik og folkedans |
4 557 |
13 443 |
18 000 |
Stiftelsen Horisont/Mela |
4 000 |
1 000 |
5 000 |
Tegnerforbundet |
1 290 |
200 |
1 490 |
ULTIMA - Oslo Contemporary Music Festival |
4 289 |
500 |
4 789 |
ULTIMA – husleigekostnader |
1 723 |
55 |
1 778 |
Unge Kunstneres Samfund (UKS) |
2 317 |
500 |
2 817 |
Vidareutvikling av DogA |
|
1 000 |
1 000 |
Holmenkollen nasjonalanlegg - kap. 315, |
|
10 000 |
10 000 |