Tilsegn om 5 millionar kroner til Ullern kunstisbane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 225/09 | Dato: 26.11.2009
Kulturdepartementet har gitt tilsegn om eit tilskot på 5 millionar kroner til bygging av Ullern kunstisbane i Oslo.
Kulturdepartementet har gitt tilsegn om eit tilskot på 5 millionar kroner til bygging av Ullern kunstisbane i Oslo.
Tilskotet er ei ekstraordinær støtte gjennom det anleggspolitiske programmet for 2007- 2010 til kostnadskrevjande anlegg. Midlane kjem i tillegg til 7,5 millionar kroner frå tiltakspakka for idrettsanlegg.
- Departementet vil gjerne bidra til etableringa av ei flott aktivitetsflate og å leggje til rette for at barn, ungdom og vaksne skal kunne utfalde seg i leik og konkurransar på isen. Når det i tillegg blir lagt kunstgras som dekke for fotball, vil dette bli eit kombinasjonsanlegg som kan brukast av idretten så godt som heile året, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.
- Eg merkar meg med glede at også miljøspørsmålet er sentralt når det no skal byggjast ein kunstisbane til bruk for bandy- og skøyteaktivitet på Ullern kunstisbane, seier statsråden. Eit vellukka driftskonsept basert på varmepumpedrift blir venteleg ein god modell også for andre kunstisbanar, seier Huitfeldt.