Regionalnytt nr. 7 2006 Ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Nyhet | Dato: 16.06.2006 | Sist oppdatert: 07.02.2007
Nyheitsbrev om distrikts- og regionalpolitikken.
Regionalnytt nr. 7 - 16.6.2006 - Årgang 3 - Nyheitsbrev om distrikts- og regionalpolitikken
Nyheiter |
|||||||
|
|||||||
::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::: |
|||||||
Kommunal- og regionalminister |
Ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken: Åslaug Haga lanserer krafttak for heile landetFolk skal ha reelle val til å busetje seg der dei ønskjer. Regjeringa varslar ein ny kurs i distrikts- og regionalpolitikken, for å oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret og leggje grunnlaget for verdiskaping i heile Noreg. Det er ein hovudbodskap frå kommunal- og regionalminister Åslaug Haga i stortingsmelding nr. 21 om distrikts- og regionalpolitikken. Meldinga, ”Hjarte for heile landet”, blir lagd fram på Næroset i Ringsaker 16. juni. Det distriktspolitiske krafttaket er ein felles ambisjon for heile regjeringa. Ein aktiv og offensiv distrikts- og regionalpolitikk krev at det blir teke distriktspolitiske omsyn på alle politikkområde. Meldinga er derfor handlingsorientert og inneheld innsats og tiltak innanfor ei rekkje politikkområde, og er ei konkretisering av Soria Moria-erklæringa. |
||||||
Ein sterk kommuneøkonomi, gjeninnføring av differensiert arbeidsgivaravgift, auka innsats på samferdsel og infrastruktur og 24 nye kommunar inn i det distriktspolitiske virkeområdet er blant dei viktigaste sakene. Meldinga omfattar ei rekkje tiltak innanfor mellom anna næringsutvikling, utdanning og forsking, bioenergi, kultur, helse og velferd, bustader, stadutvikling, lokalisering av statlege verksemder og arealbruk. - I eit land med spreidd busetnad og store avstandar må vi ha vilje og evne til å føre ein politikk som er meir enn å styre via rammevilkår og elles la marknaden rå, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga. Regjeringa har ambisjonar om å medverke til ei framtid som sikrar arbeidsplassar og velferd der folk bur gjennom ein heilskapleg politikk for heile landet. |
|||||||
- Vi vil føre ein aktiv politikk for å utløyse det store verdiskapingspotensialet som finst i alle delar av landet gjennom næringsretta innsats, god infrastruktur og styrkt bruk av kunnskap. Vi kjem mellom anna til å gjeninnføre ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift, og halde fram med å styrkje kommuneøkonomien som grunnlag for gode tenestetilbod og aktive og attraktive kommunar. Og vi vil ha eit spesielt fokus på samfunn med store utfordringar knytte til utvikling i folketal og arbeidsliv, seier Åslaug Haga. Ho legg avgjerande vekt på samordning av politikken til regjeringa. - Tiltaka som blir presenterte i meldinga, er kvar for seg viktige, men når dei blir sett i samanheng, vil dei forsterke kvarandre. Lenke til Stortingsmelding nr. 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet, Om distrikts- og regionalpolitikken. |
|||||||
::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::: |
|||||||
Hovudinnretninga i ein offensiv distrikts- og regionalpolitikkStyrkt satsing på fleire sektorområde skal gje ein ny kurs for ein meir offensiv distrikts- og regionalpolitikk. Reell valfridom til å busetje seg der folk ønskjer er eit hovudmål. Ein sterk kommuneøkonomi er ein botnplanke i ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk. Regjeringa vil rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren som grunnlag for gode teneste- og velferdstilbod og aktiv lokal samfunnsutvikling og vidareutvikle støtta til små kommunar med regionaltilskotet. Regjeringa vil utnytte handlingsrommet i den næringsretta distrikts- og regionalpolitikken og vil mellom anna gjeninnføre ordninga med regionalt differensiert arbeidsgivaravgift frå 1. januar 2007 i eit så stort geografisk område som mogleg, og etablere alternative ordningar til differensiert arbeidsgivaravgift i aktuelle område. Regjeringa vil utvide det distriktspolitiske virkeområdet for bedriftsstøtte. Regjeringa bruker det reelle handlingsrommet og inkluderer 24 nye kommunar i området der det kan bli gitt distriktsretta investeringsstøtte. Ingen av dei kommunane som er inne i dag, vil bli tatt ut av virkeområdet. Regjeringa ønskjer å utvikle ein infrastruktur som er likeverdig for heile landet og tilpassa behova til næringslivet og befolkninga, mellom anna gjennom å sikre god tilgang på breiband, mobildekning og TV-signal der folk bur, redusere avstandsulemper for reiser og transport av varer, knytte arbeidsmarknader nærmare saman, auke satsinga på rassikring, redusere utgifter til riksvegferjer, vurdere modellar for og forsøk med gratisferjer og oppretthalde dagens flyplasstruktur. Nedanfor finn du punktvis oppsummeringar av hovudinnretninga i distrikts- og regionalpolitikken til regjeringa:
|
|||||||
::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::: |
|||||||
Gjeninnføring av differensiert arbeidsgivaravgift og alternative ordningarRegjeringa vil utnytte handlingsrommet i den næringsretta distrikts- og regionalpolitikken og vil mellom anna gjeninnføre ordninga med regionalt differensiert arbeidsgivaravgift frå 1. januar 2007 i eit så stort geografisk område som mogleg. Regjeringa vil etablere alternative ordningar til differensiert arbeidsgivaravgift i aktuelle område. Omlegginga skal vere provenynøytral samanlikna med 2003-ordninga. Dei alternative ordningane ligg fast ut 2013, inntil nytt regelverk for regionalstøtte blir vedteke. Alternative, kompenserande ordningar er:
|
|||||||
::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::: |
|||||||
Småsamfunssatsinga – oppstart av dei seks første pilotprosjektaKommunal- og regionaldepartementet har sett i gang ei ny særskilt småsamfunnssatsing. Seks pilotprosjekt får no klarsignal. Regjeringa legg opp til å løyve til saman 100 millionar kroner til småsamfunnssatsinga i stortingsperioden. Delar av dette er vidareføring av innsatsen for butikkar i utkantområde, MERKUR-programmet (Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar). Småsamfunnssatsinga er ei fleirårig satsing for å sette i verk forsøk og styrke lokale initiativ, i utsette område med nedgang i folketalet, stor avstand til senter og ein sårbar næringsstruktur. Den nye småsamfunnssatsinga skal ha fokus på gode tenester og velferdstilbod, attraktive lokalsamfunn/stader og næringsutvikling. Departementet ønskjer å støtte dei mange spennande, lokale initiativa som alt finst, og leggje til rette for ei meir offensiv haldning til dei utfordringane mange lokalsamfunn står overfor. Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) har derfor sett av 8 millionar kroner til pilot- og prøveprosjekt under småsamfunnsatsinga i 2006. KRD har invitert fylkeskommunane til å spele inn forslag til departementet. 14 fylkeskommunar har til saman sendt inn 26 forslag til pilotprosjekt. KRD gir no klarsignal for seks av framlegga for til saman om lag 4,2 mill. kr. KRD er også i dialog om andre interessante prosjektframlegg, som skal konkretiserast og arbeidast meir med før dei blir sette i gang. Dei seks pilotprosjekta som departementet gir klarsignal for, viser at kommunane tek tak i konkrete utfordringar i sine lokalsamfunn. Prosjekta er spissa, synlege og nyskapande og har overføringsverdi til andre kommunar. Dei seks pilotprosjekta er: 1. Ungdomssatsing i Lebesby og Gamvik kommunar i Finnmark (forprosjekt) 2. Moderne buløysningar på bygda i regi av Blilyst i Sør-Trøndelag 3. Program for entreprenørskap i Møre og Romsdal 4. Bluesbygda Skånevik i Etne kommune i Hordaland 5. Hytteprosjekt i Tinn og Vinje kommunar i Telemark Prosjektet skal skape attraktive lokalsamfunn og nærmiljø, som skaper identitet, bu-, utdannings og etableringslyst. Prosjektet skal bidra til å utvikle kompetanse i kommunane. Det skal betre kommunane si evne som samfunnsaktør og hjelpe til med etablering av eit kompetansenettverk. KRD støttar prosjektet med 1,2 mill. kr. |
|||||||
::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::: |
|||||||
Konkretisering av satsinga på kulturbasert næringsutviklingKommunal- og regionaldepartementet (KRD) ønskjer å vere med i forhold til konkrete tiltak til å styrke ei heilskapleg satsing på kultur og næring, og har sett av inntil åtte millionar kroner i 2006 til dette. Kombinasjonen kultur og næring har uforløyste verdiskapingspotensial. Kulturbaserte næringar er ofte forankra lokalt, og spelar ei viktig rolle for å utvikle attraktive bustader for innbyggjarar og lokaliseringsstader for verksemder. Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) vil saman med fleire andre departement sette inn konkrete tiltak for å styrke ei heilskapleg satsing på kultur og næring. KRD har sett av inntil åtte millionar kroner i 2006 til dette, som ein start på satsinga. KRD ønskjer å bruke desse åtte millionar kronene for å leggje til rette for verdiskaping i kulturnæringane gjennom å stimulere til etablering av fleire verksemder og arbeidsplassar. Majoriteten av midlane i år blir disponerte av Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet som har tilrådd tiltak og føremålsteneleg disponering av midlane for 2006. Følgjande aktivitetar blir sette i gang av KRD i samarbeid med verkemiddelaktørane:
Pilotprosjekt
KRD vil i samarbeid med virkemiddelaktørane lansere ein tredje pilot over sommaren. Satsinga på kulturbasert næringsutvikling inngår også som del av Handlingsplanen for Kultur & Næring som blir lagt fram for Stortinget hausten 2006. |
|||||||
::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::: |
|||||||
Regjeringa vil lytte til unge i utdannings- og etableringsfasenFor å få synspunkt til unge betre fram i utviklinga av distrikts- og regionalpolitikken, etablerer regjeringa Bolyst-rådet. Målet med rådet, der unge i utdannings- og etableringsfasen skal bli representerte, er å få synspunkt til unge betre fram i utviklinga av distrikts- og regionalpolitikken, og dermed tiltak som treffer betre. Særleg ønskjer regjeringa å lytte til unge som er i ferd med å etablere seg med arbeid og familie. Tanken er at unge i etableringsfasen skal vere med og setje aktuelle tema på dagsordenen og gi innspel i arbeidet med distrikts- og regionalpolitikken. |
|||||||
::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::: |
|||||||
Nytt kompetansesenter for distriktsutviklingKommunal- og regionaldepartementet planlegg å etablere eit kompetansesenter for distriktsutvikling. Målet er at senteret skal medverke til å støtte opp om utviklingskraft og lokale initiativ, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga. Kommunal- og regionalministeren er oppteken av å leggje forholda til rette for attraktive og levande lokalsamfunn. Det er eit særleg ønske om å medverke til ei positiv utvikling for dei områda i landet som er spesielt utsette i høve til busetjing og arbeidsmarknad. I den samanhengen meiner departementet det er behov for eit meir systematisk arbeid med overføring av gode erfaringar og utvikling av kompetanse og kunnskap om utviklingsarbeid. Kommunal- og regionaldepartementet ønskjer derfor å etablere eit kompetansesenter for lokalt utviklingsarbeid og distriktsutvikling. Det kan samle inn og aktivt spreie informasjon om gode eksempel på utviklingsarbeid, og sikre at god kompetanse om distriktsutvikling er tilgjengeleg for kommunar og andre aktørar som driv utviklingsarbeid. Eit slikt senter kan også fylle behovet for å spreie kunnskap om utviklingstrekk i småsamfunn og område med ekstra utfordringar. På sikt kan senteret utviklast til å fungere som ein høyringsinstans for ulike forslag som vedkjem distrikta, vere ein bidragsytar i samfunnsdebatten og byggje opp og spreie kunnskap om utfordringar knytte til offentleg og privat tenestetilbod i distrikta. Delar av ansvaret til det svenske Gläsbygdverket kan vere modell for utvikling av innhaldet i kompetansesenteret. I første omgang vil Kommunal- og regionaldepartementet setje i gang eit forprosjekt som skal avklare nærmare fagleg forankring, organisering og finansiering av senteret. Målsettinga er at senteret skal vere i drift frå 2008. |
|||||||
::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::: |
|||||||
Ønskjer du å bestille trykt utgåve av distrikts- og regionalmeldinga?Alle fylkeskommunar og kommunar har fått tilsendt meldinga. Også SIVA, Forskingsrådet, Innovasjon Noreg sentralt og regionalt, fylkesmennene, KS, LO og NHO sentralt og ei rekke regionalforskningsmiljø har fått meldinga. Offentlege etatar kan tinge trykt utgåve frå: Andre kan tinge frå: Brosjyre: "Regjeringa sin distrikts- og regionalpolitikk"I samband med distrikts- og regionalmeldinga er det utarbeidd ein brosjyre som er ein kortversjon av meldinga. Brosjyren i pdf-format (juni 2006) Brosjyren kan du bestille på samme måte som meldinga, sjå over. Oppgi publikasjonsnummer: H-2190 - N Vi vil i nær framtid trykke opp ein engelsk versjon av brosjyren. |
|||||||
Gode eksempel:Synleggjering av innsats og skaparlystKommunal- og regionaldepartementet ønskjer å synleggjere og løfte fram gode døme på lokal næringsutvikling og innsats for å utvikle attraktive stader. Departementet har derfor utarbeidd ei eksempelsamling som blir lagd fram samtidig med stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken. Samlinga inneheld historier og gode eksempel på utviklingsarbeid henta frå ulike delar av landet. Eksempla som er presenterte, synleggjer særleg initiativ og innsats frå eldsjeler og lokalsamfunn som har fått til noko spesielt og nyskapande ut frå føresetnadene som finst på den enkelte staden. Historiene fokuserer på kva som skal til for å lykkast, og kva som er dei viktigaste drivkreftene i arbeidet. Utvalet av eksempel har både tematisk og geografisk spreiing. Samtidig representerer denne samlinga berre nokre få smakebitar på alt det lokale utviklingsarbeidet som skjer rundt omkring i landet. Håpet er at samlinga kan stimulere til eit enda større mangfald av utviklingsarbeid og samarbeidsprosjekt. Lenke til "Engasjement gir utvikling, Historier om skaperlyst". |
|||||||
::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::: |
|||||||
Hva skjer? |
|||||||
1) Seminar om kreativ stadutvikling, Porsgrunn 20.-21. juniKreativ stadutvikling i Buskerud, Telemark og Vestfold skal diskuterast når Regionsamarbeidet BTV inviterer til seminar 20. og 21. juni. Kva gjer ein by/ein stad attraktiv både for dei som bur der og andre som kjem dit? Dette vert sett på dagsorden på Vic Hotell i Porsgrunn. Seminaret går av stabelen under Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival. Du kan lesa meir om seminaret på nettsida til Buskerud fylkeskommune. |
|||||||
2) Skandinavisk Opplevelsesfonferanse i Kristiansand/Grimstad 10.-11. augustForretning i opplevingsindustrien er tema for Skandinavisk Opplevelseskonferanse i år når Noreg er arrangør. Særleg skal musikkindustri, spelindustri, reiseliv og design stå i fokus. Henning Mankell (forfattar), John G. Bernander (NRK), Per Christian Ellingsen (skodespelar) og Bengt Wahlstrøm (trendanalytikar) er blant mange av dei som skal gje sitt bidrag til konferansen der søkelyset vert sett mot entrepenørskap, forretningsutvikling og suksessfaktorar. Lenkje til nettsida for konferansen. |
|||||||
3) FRAMPÅ 06
|
|
||||||
Da arrangeres konferansen FRAMPÅ 06 – en møteplass for regional innovasjon. Nærings- og handelsdepartementet, Norges forskningsråd, SIVA, Innovasjon Norge og Storbysatsingen inviterer deg til å komme. FRAMPÅ 06 skal gi nøkkelspillere fra næringsliv, forskning, utdanning, næringspolitikk og forvaltning mulighet til sammen å utforske dynamikken i nettverk og næringsklynger. Innovasjon Norge er i ferd med å sette sammen et inspirerende og utfordrende program. Det vil bli lagt ut på FRAMPÅ 06s hjemmeside om få dager. Nærings- og handelsminister Odd Eriksen og statssekretær Inge Bartnes fra Kommunal- og regionaldepartementet, spesialrådgiver Eva Joly, professor Phil Cooke (UK) og mange andre spennende mennesker kommer - kommer du? Du finner mer informasjon og påmeldingsskjema til FRAMPÅ 06 på Innovasjon Norges nettside: www.innovasjonnorge.no/frampa |