Historisk arkiv

Statsråd Kleppa til Hjelmeland og Finnøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa skal tysdag 6. november opne Vestlandets største flisproduksjonsanlegg på Vikaneset i Hjelmeland og Finnøy Næringshage på Finnøy.

Program for heile dagen:

Hjelmeland
Kl. 08.30 Skyssbåt frå Skagenkaia i Stavanger.
Kl. 09.35 Statsråd Kleppa avdukar den nye logoen til Ryfylke Bioenergi på Vikaneset, omvisning på flisanlegget. Deretter avreise til
Viga Havn serveringstad kor det serverast lunsj.
Kl. 10.25 Orientering om Ryfylke Bioenergi v/styreleiar Gunnar Breivik og dagleg leiar Robijne Verstegen
Kl. 10.30 Lunsj
Kl. 11.00 Statsråd Kleppa om bioenergi og forventningane til det nye anlegget.
 Moglegheiter for spørsmål og intervju.

Finnøy
Kl. 13.00 "Ein smak av Finnøy" (eit lett måltid) serverast i auditoriet i Finnøy Næringshage.
Kl. 13.20 Statsråd Kleppa om "Næringshagane som verkemiddel i distriktsutbygginga"
Kl. 13.25 SIVA (Selskapet for industrivekst SF) som utviklingsaktør v/adm.dir. Harald Kjelstad
Kl. 13.45 Presentasjon av dei blågrøne satsingane innan veksthus, mjølkeproduksjon, lokal mat/reiseliv og havbruk.
Kl. 14.30 Kort presentasjon av andre næringshagar i Rogaland.
Kl. 14.40 "Vandring i bedehusland" v/Ryfylkes Livsgnist. Stad: Bethel på Finnøy.

Pressekontakt: Sissel Mossing tlf. 920 80 147
Kommunal- og regionaldepartementet sin  pressetelefon: 22 24 25 00.