Historisk arkiv

Regjeringa satsar på nynorsk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa set i verk ei rekkje tiltak for å styrkje nynorsken. Mellom anna skipar kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa til prisen Årets nynorskkomunne.

Regjeringa set i verk ei rekkje tiltak for å styrkje nynorsken. Mellom anna skipar kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa til prisen Årets nynorskkommune.

– Mange av dei 116 nynorskkommunane i Noreg kan vere gode døme for andre. Eg vil saman med Landssamanslutninga av nynorskkommunar utarbeide kriterium for prisen Årets nynorskkommune, seier Kleppa.

Kommunal- og regionalminister Kleppa oppmodar kommunane til å bruke nynorsk som ein viktig del av omdømmearbeidet sitt, t.d. gjennom Ry, ei eiga nettside for omdømmebyggjng i kommunar og regionar i Distrikts-Noreg. Det er Regjeringa som har teke initiativ til denne nettsida, og ho lover at Ry skal innehalde døme på god bruk av nynorsk.