Historisk arkiv

- Det er helsegrenser, ikkje kommunegrenser som må fjernast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Kommunane er klare for ein reform av helsevesenet, sa kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa på helsekonferansen Tid for samhandling.

- Kommunane er klare for ein reform av helsevesenet, sa kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa på helsekonferansen Tid for samhandling. 

Saman med helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen innleia Kleppa på konferansen som har som tema ny organisering av helsevesenet, gjennom det som vert kalla samhandlingsreformen.

- Kommunane er nærast innbyggjarane, og dei har ansvar for dei fleste velferdstenestene. Då må dei vera i stand til å gi gode helsetenester til beste for pasienten, sa Kleppa.

Overføring av oppgåver frå sjukehusa til primærhelsetenesta i kommunane står sentralt i reforma. - Vi legg opp til at kommunane skal samarbeida der dette er naudsynt og tener føremålet. Vi har full tillit til at kommunane sjølve vil finna saman – slik dei har gjort mange stader, sa Kleppa.

Statsråden understreka at samhandlingsreformen ikkje dreier seg om kommunegrenser.

- Reformen handlar om grensa mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Det er den grensa som hindrar god samhandling. Eg trur ikkje vi får betre samhandling og betre helsetenester ved å flytta kommunegrenser med tvang, sa Kleppa.