Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Presentasjon av ny rapport om låginnskottsbustader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Torsdag mottek kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa ein ny rapport frå NIBR om omfanget av og problem knytt til låginnskottsbustader.

Torsdag mottek kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa ein ny rapport frå NIBR om omfanget av og problem knytt til låginnskottsbustader.  

  • Stad: R5, Kommunal- og regionaldepartementet, Akersgata 59, Oslo
  • Tid: Torsdag 22. januar klokka 14-14.30. 

NIBR vil presentera dei viktigaste funna. Dei har mellom anna sett på storleik og prisar på bustadene i låginnskottsburettslag, korleis dei har vorte marknadsførde og  omfanget av økonomiske problem hjå dei som eig bustader i slike burettslag.

Statsråden vil gje kommentarar til media.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.