Historisk arkiv

- Osloregionen viktig for landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Ein god hovudstad og ein velfungerande region rundt, er avgjerande viktig for resten av Noreg.

- Ein god hovudstad og ein velfungerande region rundt, er avgjerande viktig for resten av Noreg.

Det sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då ho tysdag møtte rådsmøtet i samarbeidsalliansen Osloregionen.

Statsråden var invitert for å snakke om Osloregionen som drivkraft for resten av landet. Osloalliansen omfattar 57 kommunar og nær ein tredel av folkesetnaden i Noreg.

Dyrk egne styrker
- Eg trur ikkje at regionen i det daglege skal vere så oppteken av resten av landet. Det viktigaste er å utvikle løysingar som fungerer for alliansen. Då handlar det om dyrke sine styrker og fordelar, sa Navarsete.

Ho oppfordra også regionen til å vere raus og tole konkurranse.

- Det er ikkje nokon motsetnad mellom å lukkas i Osloregionen og lukkast andre stader, la statsråden til.

Navarsete understreka at ho er samd med at regionen må ha internasjonale ambisjonar.
- Oslo og regionen rundt må vere ein hovudstad som er synleg i Europa, sa ho, og trakk fram mellom anna Oslo Cancer Cluster som eit godt døme på eit miljø som markerer seg internasjonalt.

Vekstutfordringar
Statsråden minna om at regionen har store utfordringar knytt til vekst. – Det er her me finn den største veksten i folketalet i landet. Det legg press på velferd, levekår, samferdsel og anna infrastruktur.  Det er både i lokal, regional og nasjonal interesse å få handtert denne veksten, sa Navarsete.
Statsråden understreka at hovudstaden står i eit aktivt samspel med heile landet, og vil tene på ein god distrikts- og regionalpolitikk.

- Sjølvsagt skal det vere vekst og gode vilkår for nyskaping også her. Regionen skal styrke seg. Men fleire regionar må få sin del av den veksten me no får innanfor spesialiserte og kunnskapsintensive bransjar, sa Navarsete.

- Det er verken effektivt, fornuftig eller ønskjeleg å klumpe flest muleg saman i områda rundt Oslofjorden, poengterte statsråden.

Les foredraget til Osloalliansen.