Navarsete vil ha MOTMAKT mot Oslo-dominansen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Nyheit | Dato: 11.02.2010
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete inviterer til debatt i Trondheim 12. februar om Oslo-dominansar i Noreg.
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete inviterer til debatt i Trondheim om Oslo-dominansar i Noreg.
- Tid: Fredag 12. februar kl. 10.30
- Stad: Hotel Prinsen, Kongens gate 30, Trondheim.
Føremålet med møtet er å få viktige innspel og tankar for korleis ein kan få ei balansert regional utvikling med attraktive lokalsamfunn. Det er ikkje nødvendigvis i dei store debattane i Oslo at det kjem nye tankar.
Statsråd Navarsete møter:
- Tore O. Sandvik, fylkesordførar
- Marvin Wiseth, Sparebanken Midt-Norge
- Erik Haugane, Den Norske Oljeselskap
- Ingrid Finboe Svendsen, Arbeidstilsynet
- Reidar Almås, professor, Bygdeforskning
- Elisabeth Kathleen Ofstad (student), Velferdstinget
- Torbjørn Digernes, rektor ved NTNU
- Marianne Meløy, kåsør
- Inge Bartnes, kommunikasjonsdirektør Nord-Trøndelag elektrisitetsverk.
Navarsete spør mellom anna om:
- Korleis kan regjeringa bidra til ei meir balansert utvikling mellom byane og regionane?
- Kva kan byregionane og områda utanfor Oslo gjere for å ta opp kampen om dei beste hovuda med Oslo?
- Korleis sikre ei betre spreiing av kompetansearbeidsplassar?
- Bør regionane utanfor Oslo spele meir på lag i saker der dei har felles interesser?
- Kan storbyane spele meir på lag med omlandet sitt for å styrke regionen samla?
Same dag kl. 13.30 skal Navarsete halde innlegg for fylkesårsmøtet til Sør-Trøndelag SP (på same stad).
Laurdag 13. februar kl. 09.00 skal statsråden halde innlegg på fylkesårsmøte til Nord-Trøndelag SP på Stiklestad Hotell / Stiklestad Nasjonale Kultursenter.
Pressekontakt: Seniorrådgjevar Agnar Kaarbø, tlf. 974 82 408.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.