Historisk arkiv

Opne kommunar styrkjer tilliten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Openheit og innsyn er avgjerande for at kommunesektoren skal ha tillit hjå innbyggjarane, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete på ein kommunekonferanse i Loen onsdag.

- Openheit og innsyn er avgjerande for at kommunesektoren skal ha tillit hjå innbyggjarane, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete på ein kommunekonferanse i Loen onsdag.

Navarsete var bedt om å snakke om kva utvikling ho ser for seg for kommunesektoren. Statsråden trakk fram leiarskap, effektiv drift og openheit som tre avgjerande punkt for ein levedyktig sektor.

Fellesskap og handlefridom
- Me ynskjer ein kommunal sektor bygd på fellesskap og deltaking, med gode velferdstenester og eit nyskapande og raust lokalsamfunn. Desse kommunane må ha handlefridom, slik at dei ikkje blir reduserte til reine leverandørar av velferd, sa Navarsete.

- Då treng me gode kommunale leiarar, både folkevalte og administrative. Dei må vere tydelege, stimulere til ordskifte og deltaking og gjere lokale prioriteringar, sa Navarsete.

Ho la til at kommunane må drive effektiv tenesteyting.
- Kommunane forvaltar mykje pengar, samstundes veks forventningane. Då har ikkje sektoren råd til høgt sjukefråvere og ei organisering som ikkje tar høgde for effektiv teknologibruk, brukarkrav og kompetente medarbeidarar, sa Navarsete.

Opne kommunar
Openheit og innsyn er den tredje avgjerande føresetnaden for kommunal- og regionalministeren.
- Dette gjev veldrivne kommunar, med gode og trygge medarbeidarar og ein organisasjon som nyt tillit hjå borgarar og brukarar, sa Navarsete.
Ho understreka at regjeringa er særs nøgd med det sektoren leverer av mellom anna velferd til sine lokalsamfunn.
- Eg er også glad for at innbyggjarane også seier seg nøgde. Det fekk me stadfesta i den ferske lokaldemokratiundersøkinga, som har kartlagt kva folkevalde og innbyggjarar i 50 kommunar meiner, sa Navarsete.

Framtida er usikker
Kva gjeld utviklinga framover, understreka statsråden at mykje er usikkert. 

- Noreg er og vil i mange år vere i ein privilegert situasjon. Me har økonomiske musklar, låg arbeidsløyse og mykje god verdiskaping i offentleg og privat sektor. Den verdiskapinga vil også auke, slik at samfunnskaka blir større.

- Men me er ikkje upåverka av global finansuro. Me har mykje industri og verksemd som er avhengig av kva som skjer i andre land. Då kan me ikkje tillate oss å bli sjølvgode og for oppteken av ein unik nasjonal situasjon. Dei gode åra me framleis har føre oss, må me blant anna nytte til å finne ut korleis me handterar utfordringane knytt til auken i talet på dei som treng pleie- og omsorg, sa Navarsete.


Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og Ordførdar i Volda, Ragnhild Aarflot Kalland. Foto: Sissel Mossing/KRD.

Fra Loen. (Foto: Sissel Mossing)
Fra Loen. Foto: Sissel Mossing/KRD.