Historisk arkiv

- Korleis kan vi samarbeide endå betre?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Fleire kommunar må gjere enda meir for at fleire innvandrarar kan bli buande, understreka kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då ho saman med barne, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken inviterte til rådslag i Ås kommune.

- Fleire kommunar må gjere enda meir for at fleire innvandrarar kan bli buande, understreka kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då ho saman med barne, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken inviterte til rådslag i Ås kommune.

Statsrådene Navarsete og Lysbakken inviterte 23.08.2010 gründerar, representantar for ulike organisasjoner og politikere fra fleire kommuner til eit rådslag for å diskutere kva som skal til for å lukkast med integrering.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarseter påpeikte at det finn stad mykje godt arbeid med integrering i Noreg.

- Samstundes har vi klare utfordringar, menite ho. - Dei som har funne fram til gode tiltak og løysingar, må dele desse med andre. Og me må finne fram til nye løysingar.

På rådslaget i Ås ba statsråden om å få høyre kva andre kommunar kan lære, til dømes:

  • Kva er innvandrargruppene sine eigne erfaringar og ønske for bustad og bumiljø? Kva påverkar trivsel og bulyst?
  • Korleis kan småsamfunn oppnå større mangfald?
  • Korleis kan me få flyktningar, familiesameinte og arbeidsinnvandrarar til å kjenne seg inkluderte i småsamfunn?
  • Korleis blir desse gruppene ressursar for offentleg og privat sektor i distriktskommunar?
  • Ser næringslivet og distriktskommunar på flyktningar, familiesameinte og arbeidsinnvandrarar som potensiell arbeidskraft, og kva strategiar finst for rekruttering av denne arbeidskrafta?