Entreprenørskap i utdanninga gir nyetableringar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Nyheit | Dato: 30.11.2011
Ei ny undersøking syner at 17 prosent av ungdommar som har vore med i Ungdomsbedrift i vidaregåande skule har etablert eiga verksemd 6-8 år etter. – Dette syner at satsinga på entreprenørskap i skulen verkar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Ei ny undersøking syner at 17 prosent av ungdommar som har vore med i Ungdomsbedrift i vidaregåande skule har etablert eiga verksemd 6-8 år etter.
– Dette syner at satsinga på entreprenørskap i skulen verkar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
I haust har Østlandsforskning undersøkt om deltaking i Ungdomsbedrift (UB) i vidaregåande skule er med å auke talet på unge som etablerer eiga verksemd. I undersøkinga er 1187 ungdommar på 24-25 år intervjua, der halvparten deltok i UB i skuleåra 2003/04 - 2005/06, medan den andre halvparten ikkje har vore med i UB.
Undersøkinga syner at 17 prosent av ungdommar som har drive Ungdomsbedrift (UB) har etablert eiga verksemd eller held på etablere dette, mot 13 prosent i kontrollgruppa.
- Det er imponerande at 17 prosent av ungdommane har etablert eiga verksemd allereie i alderen 24-25 år. Arbeid med UB gir konkret kunnskap om bedriftsetablering. Erfaringa er at dei unge utviklar personlege eigenskapar og haldningar gjennom dette arbeidet. Eg har stor tru på entreprenørskap i skulen, og legg opp til å auke tilskotet til Ungt Entreprenørskap med 2 millionar kroner til 13 millionar kroner for 2012, seier statsråd Navarsete.
Andre funn i undersøkinga:
• 55 prosent av UB-deltakarane meiner dei har nødvendige kunnskapar og ferdigheiter for å etablere ei verksemd – mot 41 prosent i kontrollgruppa.
• 33 prosent av tidlegare UB-elevar har leiaransvar i dag – mot 25 prosent i kontrollgruppa.
• 46 prosent av UB-deltakarane ønskjer å vere sjølvstendig næringsdrivande – mot 39 prosent i kontrollgruppa.
Ungdomsbedrift er eit bedriftsprogram Ungt Entreprenørskap har i vidaregåande skule. Elevane startar, driv og avviklar si eiga verksemd med læraren som rettleiar og ein mentor frå lokalt næringsliv. Elevane arbeider ut frå reelle idear og realiserar desse gjennom produksjon, marknadsføring og sal. Det var 11.085 elevar som dreiv Ungdomsbedrift i regi av Ungt Entreprenørskap førre skuleår.