Historisk arkiv

Habitat kan levere

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Urbanisering er eit avgjerande viktig tema for det 21. århundre. Det sa statsråd Liv Signe Navarsete då ho heldt sitt innlegg under opninga av UN Habitat sitt 23 styremøte i Nairobi mondag.

- Urbanisering er eit avgjerande viktig tema for det 21. århundre. Det sa statsråd Liv Signe Navarsete då ho heldt sitt innlegg under opninga av UN Habitat sitt 23 styremøte i Nairobi mondag.

- Det er viktig at UN Habitat lukkast med sitt arbeid for tryggare byar og verdige levekår for millionar av menneske over heile verda. Me treng eit sterkt UN Habitat for å takle utfordringane med urbanisering i utviklingsland, sa mellom anna Navarsete i sitt innlegg.

Meir enn 60 prosent av folk bur no i byar, mange av dei i slumområde, og utan jobb. Det er venta at om lag 2 milliarder fleire folk vil bu i byar dei neste 20 åra.
- Me må planleggje for ei bærekraftig utvikling i ein meir miljøvennleg retning, sa Navarsete.

Mangel på likeverdige rettar for kvinner og menn, mellom anna knytt til retten til land, bidreg til tilstrøyminga til byane.
- Desentralisering, styrking av  lokaldemokrati og bedre rettar for kvinner er ein føresetnad for betre utvikling i utviklingsland, sa Navarsete.

UN Habitat sitt 23.  styremøte pågår denne uka i Nairobi. Mellom dei viktigaste tema som skal diskuterast er urbanisering, desentralisering, lokaldemokrati og kvinner og unge sine roller i utviklinga av byar og buvilkår.

Les statsrådens innlegg i Nairobi.


Liv Signe Navarsete heldt sitt innlegg under opninga av UN Habitat sitt 23. styremøte 11. april 2011. Foto: Liv Merete Wiker/KRD.


Foto: Liv Merete Wiker/KRD.