Nye kontrollreglar frå nyttår
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Nyheit | Dato: 21.12.2012
1. januar blir dei nye reglane for uavhengig kontroll i byggjesakar innført.
1. januar blir dei nye reglane for uavhengig kontroll i byggjesakar innført.
Innføringa av uavhengig kontroll inneber at eit profesjonelt og uavhengig føretak skal kontrollere fuktsikring og lufttettleik i småhus, samt brann- og konstruksjonstryggleik i større bygg. Først når bygget er kontrollert kan byggjeprosjektet erklærast ferdig.
Uavhengig kontroll vil medverke til å sikre både kvalitet i bygg og like konkurransevilkår for føretaka. I dag er det opp til den einskilde kommune om det skal vere uavhengig kontroll i byggjesaker. Dei nye reglane vil gjelde over heile landet og difor gje meir føreseielege tilhøve for alle partar. Samstundes blir reglane endra slik at det blir enklare for føretak å få ansvarsrett, og for kommunane å handsame sakene.
Les meir: https://www.regjeringen.no/nb/dep/krd/tema/bolig-_og_bygningspolitikk/byggesak.html?id=559392
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.