Historisk arkiv

750 meiner dei bur på Noregs mest attraktive stad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for andre gong i 2013. Fristen for å nominere gjekk ut 26. februar, og det har kome inn heile 750 forslag.

Om lag 400 stader i heile landet er nominert. Vinnaren får ein sjekk på 250 000 kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet

- Det er tydeleg at mange er stolte over staden dei bur på. Eg er imponert over engasjementet konkurransen har utløyst rundt omkring i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Prisen går til ein kommune eller ein annan aktør, som har vore med på å auke attraktiviteten til ein stad gjennom å involvere offentlege, frivillige og private krefter. Den skal samstundes ha vore med på å auke folk si oppleving av trivsel, tilhøyrsle og stoltheit.

Juryen vil no gå gjennom dei mange nominasjonane og sile ut dei beste kandidatane.

Dei får ei krevjande, men særs spanande oppgåve med å velje ut kva for ein stad som arbeider best med å gjere staden meir attraktiv i år.

- Eg ynskjer juryen lukke til med arbeidet, og gler meg til å følgje jobben deira fram mot prisutdelinga, seier statsråden, som tek sikte på å dele ut prisen i slutten av mai.

For meir informasjon sjå  www.distriktssenteret.no