Bygg21 skal modernisere byggjebransjen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Nyheit | Dato: 16.04.2013
– Eg har stor tru på at Bygg21 skal gje større kunnskap om korleis me skal byggje smartare og med betre kvalitet, seier Liv Signe Navarsete. No er heile styret for Bygg21 klart.
– Eg har stor tru på at Bygg21 skal gje større kunnskap om korleis me skal byggje smartare og med betre kvalitet, seier Liv Signe Navarsete. No er heile styret for Bygg21 klart.
– Bygg21 er ein vinn-vinn-situasjon. Samarbeidsprogrammet skal skape kontinuerleg forbetring og innovasjon. Me ynskjer å skape endringar i bransjen gjennom nytenking og kulturendring, seier Navarsete.
Bygg21 er eit langsiktig og breitt samarbeidsprogram for å utvikle ein kunnskapsbasert byggjenæring og auke kompetansen og gjennomføringsevna i alle ledd i næringa. Regjeringa varsla i bygningsmeldinga som ble lagt fram i fjor vår at dei ville satse på Bygg21.
Programmet skal vere ein pådrivar for å skape forståing og utvikle ein felles bransjekultur for forbetringsprosessar i næringa. Bygg21 har ein unik ambisjon om å samle trådane, både frå styresmakter og aktørar i næringa.
Bygg21 skal det første året utvikle utkast til strategiar for tre hovudområde:
- Forsking og utvikling og innovasjon
- Utdanning og kompetanseutvikling
- Formidling av kunnskap og erfaringar
Petter Eiken, tidlegare leiar for Skanska, har takka ja til oppgåva som styrets leiar.
– Det er brei einigheit om Bygg21 i næringa. Dette er eit samarbeid om eit felles kompetanseløft for å øke produktiviteten og kvaliteten i norsk byggenæring, seier Eiken.
Dei andre styremedlemane er:
Ingrid Dahl Hovland (nestleiar) - Spenncon
Cecilie Bjerke Skjømming - Asplan Viak
Sven Christian Ulvatne - Backe gruppen
Geir Kvifte - Proxll
Janne Aas-Jakobsen - Consigli AS
Eirik Normann - Forskningsrådet
Halvor Langseth - Fellesforbundet
Morten Lie - Direktoratet for byggkvalitet
Birgit Rusten - FutureBuilt
Håkon Sannum - Multiconsult
Camilla Haugsten - Entra