Navarsete ser fram til samarbeid med ny kommunalbanksjef
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Nyheit | Dato: 01.02.2013
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete møtte i dag den nye leiaren for Kommunalbanken. Kristine Falkgård startar i jobben 1. mars.
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete møtte i dag den nye leiaren for Kommunalbanken. Kristine Falkgård startar i jobben 1. mars.
Falkgård tek over som administrerande direktør etter Petter Skouen, som gjekk av med pensjon 30. november. Ho kjem frå stillinga som direktør for marknadsoperasjonar og analyse i Noregs Bank.
- Falkgård har solid erfaring frå norske finansinstitusjonar og internasjonale finansmarknader. Eg ser fram til å samarbeide med ho i tida framover, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Falkgård har tidligare jobba i Kommunalbanken, mellom anna som leiar av innlånsavdelinga. Ho har også erfaring frå andre norske finansinstitusjonar og Europakommisjonen i Brussel.
Ho er utdanna ved Handelshøyskolen BI og har ein Postgraduate Diploma i samfunnsøkonomi frå London School of Economics.
Kommunalbanken gjev lån til kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap og andre som utfører kommunale oppgåver.