Historisk arkiv

Regjeringa styrkjer kommunane sin evne til å busetje flyktningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa endrar tilskotskriteriene til utleigebustader til flyktningar og andre prioriterte grupper. Husbanken skal kunne gje inntil 40 prosent, ei auke frå 20 prosent.

Regjeringa endrar tilskotskriteriene til utleigebustader til flyktningar og andre prioriterte grupper. Husbanken skal kunne gje inntil 40 prosent, ei auke frå 20 prosent.

- Me er opptekne av å leggje til rette for at kommunane kan å ta imot fleire flyktningar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Jo raskare ein flyktning får etablert seg i ein kommune, jo raskare kan ho eller han delta i arbeidslivet og i samfunnet. Det vinn alle på, både flyktningane sjølv og samfunnet, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen.

Talet på flyktningar som får opphald i Noreg har auka. Dei siste åra har kommunane busett om lag 6000 personar, mens det i år vil være behov for å busetje om lag 8 500 flyktningar. No ventar om lag 4 000 personar i asylmottak på å bli busett i ein kommune. Dette er eit historisk høgt tal.

- Sju av ti kommuneleiarar seier at mangel på eigna bustader til rett tid og på rett stad ofte gjer at dei ikkje kan ta imot fleire flyktningar. Målet er at ei endring i det statlege tilskotet til utleigebustader skal gjere det lettare for kommunar å busetje fleire flyktningar enn dei har gjort til no, seier kommunal- og regionalministeren.

Regjeringa legg òg opp til eit meir forpliktande samarbeid med kommunesektoren, både for å auke talet på flyktningar som blir busett, og for at dei skal bli busett raskare.

- Me ynskjer å inngå ei ny samarbeidsavtale med KS om busetjing av flyktningar, som skal gjelde ut 2015, seier Navarsete.